BN+

Nesten supermann: Ein del av kvardagen er å akseptere at arbeidet tek lenger tid, at kreftene ikkje varer like lenge – og at størrelsen på kjeledressen aukar.


Annette Fosse Karlsen er heiltidsbonde og førebur seg på kort fødselspermisjon før mannen, Geir Magne Karlsen, skal ta over ansvaret for veslejenta.


Liv Kristin Sola


Annette inviterer til ein gåtur denne tidlege vårdagen i februar. Beitet har eit brunt skjær, og lukt av «hevd» - bondens gull, heng i lufta som eit sikkert vårteikn.


– Dette er terapi, seier ho, og fortel at ho ofte i beitesesongen tek kamera på lomma og går seg ein tur i beitet.


– Betre enn å kave seg av garde på lange feriar, meiner ho.


Ferie blir det truleg ikkje så mykje av i sommar. Annette og Geir Magne ventar ei jente i slutten av april, truleg litt før.

Utradisjonell arbeidsfordeling

Det er Annette som er bonden i familien. Geir Magne vaks opp i byggefelt, har akademisk utdanning og arbeider som undervisningsleiar og assisterande rektor på Tryggheim vgs. på Jæren. Han har hovudansvar for logistikken i heimen, men dei to deler stort sett på å følgje opp skule og fritid for gutane Sander Benjamin (15) og Sem Josef (11).
Annette er aktiv på sosiale mediar og nyttar seg ofte av råd frå andre. Men når det gjeld graviditet og permisjon har ho få å samanlikne seg med.


– Mange damer er aktive bønder, men svært få har heile driftsansvaret åleine, konstaterer ho.


Eit raskt sveip på internett og Annette og Geir Magne finn Bondelaget si informasjonsside om foreldrepengar og refusjon av avløysarutgifter - til fedrar. Ei sak med følgjande innleiing: «Hva er viktig å tenke på dersom du er bonde og skal bli far?»


– Litt typisk, seier Annette.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.