BN+Familiebilde. Hilde og Joar Hauge saman med sine tre born: Jonah, Frida og Lyder.

Ostefamilie: Joar og Hilde, og borna Lyder (t.v.), Jonah og Frida trivest godt med sitt nye liv som ystarar på Rabben.

Ost frå kjøkenbenken til Hilde og Joar



2019 og 2020 var travle år for Hilde og Joar Hauge på Fister i Ryfylke. Dei har både bygd mjølkefjøs og starta opp eige ysteri der dei lagar ost utvikla heime på kjøkenet.


Jane Brit Sande


Etter fleire år med draumar og planlegging, starta Ryfylke Gardsysteri, med Hilde og Joar Hauge i spissen, endeleg opp i fjor haust. Helga før jul opna dei gardsutsalet for første gong, og kundane svikta ikkje.


– Me hadde kø i fire timar frå me opna dørene klokka 10 laurdag morgon. Det var heilt utruleg, seier Hilde.


«Alle» ville ha heimelaga jogurt og ein bit av Ryfylke-osten Rabben.


– Rabben er namnet på staden der fjøset og ysteriet er bygd, og derfor også namnet på osten, seier Hilde.


– Ein upasteurisert, halvfast gulost, seier Joar.


– Kvifor ein slik ost?


– Denne ostetypen er trygg å laga. Det er også den osten me likar best sjølve, seier Joar.

Frå gras til ost

Joar har lenge gått med ein draum om å gjere meir ut av mjølka dei produserer.


– Mat og matlaging har interessert meg heilt sidan eg var barn. Eg gjekk Hotell– og næringsmiddelfag på vidaregåande, og hadde planar om å bli kokk. Det vart fagbrev i næringsmiddelfag i staden, men interessa har aldri gitt seg. Ideen om eige ysteri har kverna i fleire år, seier han.


Det vart ikkje nok å «berre» produsera mjølk for så å snu ryggen til når mjølkebilen køyrde frå tunet.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: