Laukhaust: Den spesialbygde beltegåande lauk-haustemaskinen i drift under glimrande forhold på lett sandjord på Brusand i Hå. Foto: Asbjørn Stokkeland.

Sikrar kvaliteten med tørke og haustemaskin

Ei mild, kjent lukt av varm lauk fyller for tida luftrommet over Bru Gard på Brusand. I ei nybygd høgteknologisk tørke ligg årets avling og blir klargjord for vinterlagring, pakking og sal.

Sjur Håland

– Dette er nye tusen-kilos kassar, produsert av eit firma i Egersund og spesialtilpassa tørka, seier Asbjørn Stokkeland.

Han peikar på det som for ein framand kan likna mest på fleire etasjar høge og glatte trevegger av same material som brukast i kontormøbler. Saman med kona, Inger Helen Stokkeland, og sonen, Erik, på tre månadar, blir Bondevennen guida gjennom den store tørka, som vart teken i bruk for sju veker sidan.

100 liter i timen

Opningane i kassane er fresa ut med CNC-verktøy og er tilpassa luftstraumane, ført gjennom blå kanalar med millimeterpresisjon. Den store tørka, med ei grunnflate på 800 kvadratmeter, har ein kapasitet på 700 tonn lauk. Maskinane er importert frå Nederland. Tørka kondenserer lufta og fjernar så mykje som 100 liter vatn i timen frå den rå Jær-lufta.
Dei har etter kvart lov til å kalla seg erfarne laukdyrkarar på Bru Gard, som elles er mest kjent for storproduksjon av gulerøter. Bøndene på garden har sett lauk i jorda kvar vår sidan 2002.

– Me byrja i det små, og utan å ha så mange leveringsavtaler med grossistar, seier Asbjørn, som er dagleg leiar hjå Bru Gard.

Avlinga gjekk i hovudsak til storhushald i starten. Laukproduksjonen auka frå år til år, og fekk eit ekstra løft då Coop villa ha lauk frå garden sør i Hå kommune.

– Dei siste åra har leveransen lege stabilt på kring 500 tonn med lauk, seier Asbjørn.

Fem prosent

Sjå føre deg 19 store vogntog på rekke og rad. Alle er fylt til randen med lauk. Så mykje utgjer Bru Gard sin produksjon. Men norske kvinner og menn brukar meir enn som så i fredagstacoen og på laurdagspizzaen. Volumet frå Bru Gard utgjer fem prosent av laukproduksjonen i Norge. På Jæren er det éin stor produsent utanom Bru Gard.

– Det er me og Morten Bilstad, som me også pakkar for, seier Asbjørn.

Lauken blir lagra og levert ut over vinteren. Tidlegare hadde dei ikkje moglegheit til å kjøla ned lauken. Noko som er naudsynt for leveransar frå mars og utover.

– Dei nye maskinane har kjølefunksjon. Dermed unngår me spiring på lauken, og kan levera fin og frisk lauk lenger, forklarer han.

Bru Gard-bønder: Inger Helen, Asbjørn og vesle Erik med stablar av laukkassar i tørkelageret i bakgrunnen.

Må tørke lauken

Asbjørn seier at årsaka til liten produksjon på Jæren var ei oppfatning om at klimaet gjer det nærast umogleg å dyrke lauk, medan klimaet har vore meir eigna for lauk på Austlandet. Gamle sanningar står for fall, slår han fast.

– Både i aust og vest har klimaet nå endra seg slik at ein nå må tørka lauken på kunstig vis innomhus for å lukkast med produksjonen, seier han.

Dermed er vilkåra for dyrking like både i aust og vest. Bakketørka lauk under blå himmel gir eit produkt med blankt, fint skal. Nett slik forbrukarane vil ha det. Men det er det, i følgje Asbjørn, få som klarer lenger. Dermed må tørkinga skje innomhus, slik Bru Gard nå har lagt til rette for. Asbjørn held tala for seg sjølv, men seier at siste investeringsløftet i tørke- og hausteutstyr handlar om «ganske mange millionar kroner».

– Me kom til eit punkt der det var behov for nyinvesteringar på både maskin og bygningssida, seier han.

Full fart: Lubica Toporova pakker raudlauk på Bru Gard.

Lauk i lange banar: I den nye tørka på Bru Gard er det plass til 700 tonn lauk. Produksjonen ligg for tida på 500 tonn

Ombygd potetopptakar

Også haustelinja er modernisert. Det er med lauk som med korn. Dei må nytta dei tørraste timane midt på dagen til hausting. Topp kvalitet handlar om å unngå å få med for mykje jord og dermed jordslag på lauken. Haustinga føregår med ein sjølvgåande, beltegåande, tyskprodusert fire fórers potetopptakar, som er bygd om i Danmark for å hauste lauk. Så langt Asbjørn kjenner til, er Bru Gard dei einaste i Norden som haustar lauk med denne typen utstyr. Lauken blir etter hausting tømt over i tilhengarar og transportert heim kor lauken blir fylt over i lagerkassane.
Bru Gard dyrkar lauk på 220 mål. Stikklauken kjøper dei frå Austlandet. Setjinga finn stad i slutten av mars. Lett sandjord er ein føresetnad, skal me tru produsenten.

– Då får me ein rein, fin lauk med blankt skal, som kan haustast med ein gong vêret er lagleg. På tyngre jord er det vanskeleg å unngå jordslag i skalet, noko som ikkje tek seg særleg godt ut i butikkhyllene. På meir leirehaldig jord, vil lauken få eit gråskjer i skalet, noko som me heller ikkje ønskjer.

Kvalitet: Asbjørn står på ei plattform på toppen av tørka og sjekkar kvaliteten på lauken. Dei blå plastpølsene i bakgrunnen er luftkanalar.

Treng leveringsavtale

Bru Gard ser gjerne at det blir fleire produsentar av lauk på Jæren enn dei to som dyrkar i dag.

– Me har ikkje lyst til å vera åleine om dette på Jæren. Det er absolutt ønskeleg at unge vil satsa. Men marknaden må vera klar for dette. For, som i grøntnæringa elles, kan det vera krevjande å koma inn i marknaden, erkjenner Asbjørn.

– Du treng ein leveringsavtale, ein god porsjon pågangsmot og moglegheit til å investera i naudsynt utstyr. For meg har arbeidet blitt ein livsstil. I staden for å kjøpe hytte på Sørlandet, har me lagt pengane i drift, maskinar og bygningar på garden. Eg trur den som vil satsa må gå inn for fullt og vera ein del av denne kulturen for å lukkast.

Stikkord denne saka: