Vår i Vossabygda: Elisabeth og Brede har sleppt ut årets fyrste dyr. Kalvane har god utsikt frå beitet sitt ovanfor garden.

Vår i Vossabygda: Elisabeth og Brede har sleppt ut årets fyrste dyr. Kalvane har god utsikt frå beitet sitt ovanfor garden. Foto: Privat

To med god tid

6. juni 2026 | Reportasjar

Til saman er dei to yngre enn den norske gjennomsnittsbonden.
–  Det er ideelt slik me har det. Me får drifta nokre år, funne ut av kva me vil, før me må ta store val, seier Brede.

Hildegunn Mugås, veterinær og skribent

Elisabeth (20) og Brede (21) driv Tjukkebygda Samdrift på tredje året. Drifta går stadig betre. Sidan januar i fjor har Elisabeth vore dagleg leiar.

– Dette er eit meiningsfylt yrke der kunnskap er viktig. Det lønnar seg å vere flink og driva smart, seier ho.

«Eg veit ikkje om eg hadde stått i dette åleine, i alle fall ikkje så tidleg​.»

Elisabeth Hallanger Bø

Kjærleik og felles tankar

I fire år har Elisabeth og Brede vore eit par. Den felles interessa for jord og dyr er viktig i forholdet deira. Begge ynskjer å skapa noko eige, så å kunne gjere det saman er perfekt.

– Eg veit ikkje om eg hadde stått i dette åleine, i alle fall ikkje så tidleg, seier Elisabeth.

Ønskjer å eiga

Dei to har pussa opp gardshuset i lag, og bur der. Dei har mange planar, men tykkjer det er vanskeleg å forhalda seg til dei politiske rammene for landbruket. Dei endrar seg jo stadig, og drifta kan ikkje endrast like raskt.

– Nett no har me plassproblem då me ikkje vert kvitt korkje kviger eller kyrkalvar, seier Elisabeth.

– Før endringa av forholdstalet var ikkje dette noko problem.

Gardsfakta Tjukkebygda Samdrift:

Elisabeth Hallanger Bø (20) og Brede Sørlie Vines (21) driftar Tjukkebygda Samdrift på Bø i Tjukkebygda i Voss Herad.

Begge er agronomar. Brede arbeider utanfor garden som maskinførar, medan Elisabeth studerer økonomi.

Elisabeth er oppvaksen på garden. To eldre brør og tvillingsystera ynskjer ikkje overta drifta. Samdrifta vart skipa i 2002. Då var det båsfjøs. I 2014 vart driftsbygningen bygd om til lausdrift og det vart sett inn mjølkerobot.

Med på laget er to andre samdriftspartar, i tillegg til familiane til Elisabeth og Brede.

Mjølkekvota er på 201.809 liter, der 73.572 er leigd. I 2025 leverte dei 204.147 liter. Ytinga siste år var EKM 9505.

Buskapen er på 32 årskyr og totalt 59 storfe. Garden har òg 15 sauer av rasen NKS.

Elisabeth og Brede driftar 220 dekar dyrka mark, av dei er 94 dekar sjølveige.

Avlsplanen tek omsyn til dette forholdet. Til hausten håpar dei på meir oksekalvar, og ein del kjøttfe-kryssingar.

På sikt ynskjer dei to å kjøpe garden, og kanskje løyse opp samdrifta. Slik det er no, leiger samdrifta garden og det meste av utstyret. Dei ser fram til  å kunne betale ned gjeld til seg sjølve.

Bra utgangspunkt

Garden har fôr nok, og all jorda relativt nære. Den lengste køyreturen er på fem kilometer. Sidan Elisabeth og Brede overtok har dei auka frå 25 til 34 kyr, men dei ynskjer ennå å auke buskapen noko meir. Garden ligg nær Voss sentrum. Det er både godt og gale, meiner dei to.

– Det er litt mykje folk rundt her, seier Brede.

– Det er praktisk med kort veg til butikkar og Felleskjøpet om me treng noko, parerer Elisabeth.

Ytinga aukar og økonomien tek seg opp. Siste året har dei investert i kalvehytter og skraperobot. Ungdyra har fått det betre, men dei ynskjer å gjere drifta endå meir dyrevenleg.

– Det er tydeleg at kalvane likar hytte­livet ute. Dei stortrivst i halmen. Men eg ynskjer meir plass til dei og betre fundament og fôringsplass, seier Elisabeth.

Ein ny driftsbygning til mjølkekyr står på ynskjelista, trass at mjølkekyrne var dei som vart prioritert i ombygginga. Det vil gje betre plass til ungdyr. Kanskje kan dei ha både oksar og nokre ammekyr. Roboten må på sikt òg bytast.

– Dessverre er det fyrste me må bruke pengar på ein ny gjødselkumme. Den me har er for liten, seier Brede.

Kalvestellet er grunnlaget: For å få robuste dyr med god tilvekst og yting må kalvane få godt stell, meiner dei unge bøndene.

Kalvane trivst godt ute i dei to hyttene. Halm er supert når det er tilgjengeleg. Om vinteren får kalvane dekken på. Dei har fri tilgang på

både grovfôr og kraftfôr.
Kalvestellet er grunnlaget: For å få robuste dyr med god tilvekst og yting må kalvane få godt stell, meiner dei unge bøndene.

Kalvane trivst godt ute i dei to hyttene. Halm er supert når det er tilgjengeleg. Om vinteren får kalvane dekken på. Dei har fri tilgang på

både grovfôr og kraftfôr.

Kalvestellet er grunnlaget: For å få robuste dyr med god tilvekst og yting må kalvane få godt stell, meiner dei unge bøndene. Kalvane trivst godt ute i dei to hyttene. Halm er supert når det er tilgjengeleg. Om vinteren får kalvane dekken på. Dei har fri tilgang på både grovfôr og kraftfôr. Foto: Privat

Eit team

Rundt dei to ungdommane er det eit godt nettverk. To foreldrepar, søsken og ein bestefar hjelper mykje til.

– Det hadde ikkje gått utan dei, seier Elisabeth.

Brede er einig.

– Men det er ein balanse. Ta imot hjelp, ikkje trakke nokon på tærne. Men iblant er det greitt å kunne styre alt sjølv òg, seier Elisabeth.

Far til Elisabeth tek floren kvar tredje helg. Det same gjer den andre parten i samdrifta. Det gjev dei to ungdommane fri to av tre helger.

To dagar annakvar veke kjem den faste avløysaren. Då kan Elisabeth planlegge å gjere andre ting, som å studere til Bachelor-grad i økonomi og administrasjon ved Høgskulen på Vestlandet.

– Eg vil primært vera bonde, seier ho.

– Men eg tenkjer utdanninga kan vera nyttig i drifta, og ein fin tilleggsjobb i framtida.

Trass all hjelpa dei får, har dei to aldri kjensla av å ha heilt fri.

– Me følgjer jo med, særleg i lamminga og kalvinga. Ein av oss tek nesten alltid ein kveldsrunde, seier Elisabeth.

Tid med dyra i fjellet og heime: Her er Brede utanfor fellesstølen på Fyrjo. Dyra har fått tilsyn og kraftfôr. Elisabeth er inne hjå hyttebuarane ofte, både for stell og sosialisering. Det er trivsel både for ho og dyra.
Tid med dyra i fjellet og heime: Her er Brede utanfor fellesstølen på Fyrjo. Dyra har fått tilsyn og kraftfôr. Elisabeth er inne hjå hyttebuarane ofte, både for stell og sosialisering. Det er trivsel både for ho og dyra.

Tid med dyra i fjellet og heime: Her er Brede utanfor fellesstølen på Fyrjo. Dyra har fått tilsyn og kraftfôr. Elisabeth er inne hjå hyttebuarane ofte, både for stell og sosialisering. Det er trivsel både for ho og dyra. Foto: Privat

Bondeterapi på stølen

Sommarstid fer alle dyra til fjells. Denne sommaren skal dei mjølka på stølen for fyrste gong. Tre – fire utvalde kyr får bli med til Gudmundset i prøveåret. Dei skal laga smør og prøva seg på ysting.

– Eg har aldri gjort det før, men det går sikkert fint, seier Elisabeth i Pippi-ånd.

– Det er nok den best betalte sommarjobben eg kunne få. I tillegg er det terapi å vera på stølen.

Dei har investert i elektriske klavar til stølskyrne- og kalvane. Draumen er å ha eit par grisar der også. Bøndene har tilgang på matavfall og tykkjer det er fint å kunne nytta dette til grisefôr.

På sikt kan Elisabeth tenka seg å legga om frå haustkalving, ha kalving i puljer og sommarmjølk. Då kan dei auke og få ein jamnare produksjon. Garden har lite beite heime, så då må det bli støling i større skala.

Velferdsordningar

Dei fleste jamaldringar lever ganske ulike liv, enn det Elisabeth og Brede har valt. Dei arbeider mykje, men dei er saman om det og har mange timar saman som ein liten familie.

– Me ynskjer oss barn, seier Elisabeth.

– Men ikkje endå. Eg vil gjerne verte ei ung mor, men me har jo god tid!

Studiane kjem fyrst. Og så uroar Elisabeth seg litt kring praktiske problem.

Rettane knytt til barsel og permisjon vert betre, men er framleis langt bak andre yrke. Det hjelper lite når det er så vanskeleg å få tak i stabil avløysing. Ho har inga enkel løysing på rekrutteringsproblemet.

«Eg vil gjerne verte ei ung mor, men me har jo god tid​.»

Elisabeth Hallanger Bø

Elisabeth veit ho må gjera ein innsats for å vera del av eit sosialt miljø. Blant anna difor engasjerer ho seg i Senterungdommen. Ho meiner det er viktig å engasjere seg, vere med i Bondelag, på Ung Bonde-samling og liknande.

– Eg har ei veninne som er i same situasjon som meg. Ho bur tre timar unna, men me snakkar ofte på telefonen når me begge er i floren. Det er viktig for meg, seier Elisabeth.

– Eg kjenner fleire som gjerne vil ta over, men som ikkje tør ta steget. Å skaffe seg eit nettverk er viktig!

Nysgjerrige og håpefulle kviger:

Kvigene er oppstalla inne. Dei har tilgang

på silo, men kanskje kan bonden by på

noko bedre?

Nysgjerrige og håpefulle kviger: Kvigene er oppstalla inne. Dei har tilgang på silo, men kanskje kan bonden by på noko bedre? Foto: Privat

Stikkord denne saka: