BN+

Sosiale dyr: Geiter har personlegdom, og er ofte nyfikne og sosiale. Dei små killingane likar godt den daglege kosestunda.

Tradisjon og fornying i geitefjøset

Maria Baudonnel Underdal og Bernat Alarcon vil driva landbruk på dyra og naturen sine premissar. Praktisk for bonden, lyt det også vera.


Anne Rivenes, frilansjournalist


Det unge paret har teke over garden Vetlereina i Undredal i Sogn, og satsar for fullt på geitemjølk, kjøt og ost. Moderniseringa av geitefjøset har kosta halvanna million, og dei tykkjer dei har fått mykje for pengane. Stikkordet er planlegging, og målet er ein god kvardag for folk og dyr. Ny inngang, nytt mjølkerom og mjølkesystem og utvida areal til dyra, er største endringane.


– Ny mjølkemaskin og meir effektivt system for mjølking stod klart til no før jol. Her kjem ei og ei geit opp stigen og inn til mjølking, så det er fin dyreflyt og mindre stress, fortel Maria og Bernat.

Rikeleg med oppgåver

Bernat er oppteken av å førebyggja, og av å skapa ein arbeidsplass der ein kan vare lenge. Dei er takksame for å bu i verdsarvområde. Då får dei støtte frå verdsarvmidlar til bygginga, i tillegg til det ekstra tilskotet bønder får for å driva landbruk i eit så verdfullt område.


– Kan drifta gje jobb og inntekt til to?


– Jobb, ja. Men inntekt, kanskje ikkje. Ikkje nok til å byggje om huset, i alle fall, seier Maria.


– Men litt av poenget med å investere i driftsbygningen er å gjera det lettare, slik at ein av oss på sikt kan jobbe litt utanfor garden. For så vidt gjer me det litt alt no, sidan me driv Undredal Stølsysteri saman med to andre gardar.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: