BN+Cathrine (mor) og Karianne (datter) sammen med sauene sine.

God hjelp: Cathrine har mykje god hjelp i dottera Karianne.

Tre kopplam vart til hundre sauer



Saueeventyret til Cathrine Undheim starta med tre kopplam i 2014. I dag har ho hundre sauer, sitter i styret i Sør-Jæren sau og geit, og er leiar av ei erfaringsgruppe for kvinner.


Jane Brit Sande


Cathrine Undheim (35) starta som bonde frå «scratch». Lenge hadde ho hestar, og dreiv med både undervisning og avlsarbeid. Men etter kvart vart det slutt. I 2014 kom dei første tre kopplamma til gards. Utanom hestane, hadde det ikkje vore husdyr på garden på fleire tiår.


– Det er litt tilfeldig at det vart sauer, men me fann fort ut at det var utruleg gildt, seier Cathrine.


Mannen hennar, Tor Eldar Undheim, kjøpte Nærbø-garden som 17-åring i 1990. Bruket var prega av årevis med manglande vedlikehald. Sidan har dei bygd ein ny bustad og eit maskinhus.
Garden er også kontorstad for Tor Eldar si verksemd, Rosendal Maskin Rogaland, der dei driv med sal og utleige av anleggsmaskinar.
Paret har to døtrer, Tobine (23) og Karianne (11). Dei første kopplamma vart slakta til jul same året. Familien likte å ha firbeinte på garden igjen. Våren 2015 fekk dei fem nye kopplam. Desse har Cathrine avla vidare på.


– Når du startar opp med sau, får du ein lidenskap, seier ho.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: