Nye inntrykk: Elevane frå Solås har fått eit innblikk i korleis det var å feire jul på gamalt vis. Og med seg i sekken har dei ei sopelime,

eit honninglys og ei julekule i ull.

Nye inntrykk: Elevane frå Solås har fått eit innblikk i korleis det var å feire jul på gamalt vis. Og med seg i sekken har dei ei sopelime, eit honninglys og ei julekule i ull. F.v.:Leo Tollefsen, Odin Ellingsen, Isak Høydal, Dennis Smedsvig, Tirill Nevland, Synne Fjeldsbø, Tia Rugland, Maja Costin og Sofie Fjeldsbø.

Unge blikk på gammal jul

25. desember 2024 | Reportasjar

På Limagarden fekk 4.klassingane lukte, smake og høyre om julefeiring i ei tid der det å laga sjølv og å ta vare på ting var sjølvsagt. – Den aller beste skuledagen, sa Loke (11).

Liv Kristin Sola

​Elevane frå Solås og Bærland skule kom til fots over heia frå Ålgård då dei skulle til Limagarden og oppleve Jul på gamalt vis. Limagarden er eit bruk frå 1600-talet som i dag er ein del av Jærmuseet.

Ull til juletreet

På første stopp er Tonje Idland og Laila Lima klar med ull og grønsåpevatn. Det skal lagast naturleg julepynt til treet.

– Det ser kanskje ikkje heilt slik ut, men dette er ull frå sauen, seier Laila, og siktar til at ulla er farga både blå, gul, raud, grøn og rosa.

Elevane får kvar si «startkule» og finn fort fargar som dei vil bruke. Maks tre fargar, er instruksjonen.

– Fargane fann dei i naturen. Ulike planter gir ulike fargar. Den gule kjem frå bjørka, seier Laila.

Elevane dyppar og ruller så grønsåpevatnet sprutar, og får med seg kvar si tova kule til å henge på juletreet.

Nye inntrykk av gammal jul: – Den aller beste skuledagen, seier Loke (11) før han tek føtene fatt over heia attende til skulen anno 2024.

Ull + gønsåpe = tova julekule: Hjå Tonje og Laila fekk elevane tove si eiga julekule i ull.

Sopelime til julestria

På låven er Geir Helge Gjersdal, Arne Eivind Bollestad og Per Nedrebø klar med bjørkeriset. Elevane skal lage god gamaldags sopelime. Dei får plukke og bunte, og får hjelp til å binde og kutte.

– Det må vere bjørk, seier Per. – Bjørka er nemleg mjuk og lett å arbeide med. Før ståltråden kom, brukte dei bjørk òg til å binde i hop kvistane.

Bonden frå Nevland har vore med på dette opplegget i 30 år.

– Vil de ha skaft på sopelimen, kan de hente ein staur i skogen som de kan binde på, seier Per til elevane.

Før dei går vidare, feiar dei golvet etter seg. Kostane fungerer heilt perfekt.

Lære ved å gjere: Då alle hadde bunde kvar sin sope  lime, vart golvet grundig feia.

Lære ved å gjere: Då alle hadde bunde kvar sin sope lime, vart golvet grundig feia.

Lefser og flatbrød

Inne hjå Inger Johanne Espeland og Bjørg Bjelland får elevane høyre om dei fire viktigaste kornsortane me dyrkar her til lands; kveite, rug, bygg og havre. Og av korn blir det bakst, lefse til fest og flatbrød til kvardags.

– Dessverre er det ikkje nok tid til at elevane får prøve å bake, men dei får smake, seier Inger Johanne.

Ho håper å vise elevane korleis folk tok vare på maten før i tida, før kjøleskåp og fryseboks vart allemannseige.

Emna har dei laga klare dagen føre.

– Det er ingen kunst. Det er berre å prøve. Og har du ikkje takke, kan du steike dei i steikepanna. Dei blir berre litt mindre, seier Bjørg.

Tradisjonskost: Bjørg fortel Maja korleis ho steikar lefser på takke.

Og Maja takkar ikkje nei til ein smaksprøve. – Veldig godt, seier ho.

Tradisjonskost: Bjørg fortel Maja korleis ho steikar lefser på takke. Og Maja takkar ikkje nei til ein smaksprøve. – Veldig godt, seier ho.

Så går vi rundt om ein einerbærbusk…

I stova i hovudhuset tek Odd Magne Fjermestad og Vidar Gjesdal imot elevane.

– Reise opp!, seier Odd Magne

Han er pensjonert lærar med lang fartstid i skulen.

– God dag, elevar, seier han.

Elevane helsar tilbake.

Ein einerbærbusk står pynta med stearinlys, og med «englehår» og norske flag. Einerbærbusk var vanleg å ha som juletre, fortel Vidar. Ein busk altså, ikkje eit tre.

– Då eg var på dykkar alder hadde me levande lys på treet. Men dei var berre tende då me gjekk rundt treet, seier han.

Treet er òg pynta med girlander og lenke av farga glanspapir.

– Har de laga slike, spør Vidar.

Elevane nikkar.

– Då må me lime, ikkje sant. Då eg var liten laga me lim sjølve. Av kveitemjøl og vatn som me rørte i hop. Då det stivna vart det akkurat som lim, seier Vidar.

“Så går vi rundt om ein einebærbusk”: Juletreet vart allemannseige mot slutten av 1800-talet, og i rett gamle dagar vart einebærbusken bruk som ein slags fattigmanns-erstatning for grantre, eller furu. Ein turbulent politisk periode fram mot unionsoppløysinga i 1905, gjorde at norske flagg vart meir og meir vanleg på juletreet. Først store flagg, men etterkvart mange små på ei snor. Kjelde: Universitet i Bergen.

«Då eg var liten laga me lim sjølve. Av kveitemjøl og vatn som me rørte i hop.»

Vidar Gjesdal

Kyrkjegang og sjølvberging

Kyrkjegang var viktig i jula, fortel Vidar. Hesten vart spent for sleden eller kjerra, og høgtida var i gang.

– Men 1. juledag skjedde det ingenting. Me fekk ikkje leike, og ingen gjekk på besøk. Det skulle vere stille den dagen. Så kom 2. juledag, den store besøksdagen frå gamalt av, seier Vidar.

Elevane sit stille og lyttar. Rekker opp handa og svarar på spørsmål frå dei to «tidsvitna».

– På den tida me no snakkar om, var det ikkje berre å gå i butikken og få tak i mat og klede. Folk hadde lite pengar, og det var få butikkar, så dei måtte lage mesteparten sjølve, seier Vidar.

Tidleg om hausten, starta dei med slakting, salting og røyking av kjøt. Julereingjeringa var omfattande. Det skulle vaskast og skurast både tak, vegger og golv, i hyller og skap, fortel Vidar. Julegåver laga dei sjølve. Typiske gåver var strikka klede.

– Det å få ei heimelaga julegåve, ikkje kjøpt, for meg er det det aller finaste, seier Vidar.

Attende i tid: Det var fargar og liv på tunet på den gamle Limagarden då over

200 fjerdeklassingar var på besøk

Levande museum: Det var fargar og liv på tunet, då Bondelaget og Bygdekvinnelaget i Gjesdal inviterte over 200 elevar frå alle Gjesdalskulane på besøk på Limagarden. Garden, som har histore attende til 1600-talet, er ein fin arena for aktiv læring.

Slakting på gamalt vis

På kjøkenet ventar Geir Oluf Hareland. Han har vore hjå Nortura og henta sauehovud og saueføter.

– Før jul slakta me alltid ein sau eller eit lam. Eg fekk lov til å sjå på, men hugsar det var skummelt, seier han.

– Etter at dyret var stukke, vart blodet samla opp i eit spann og teke vare på. Så laga mor blodpudding. Kvifor trur de me åt blodet, spør han?

Elevane er konsentrert. Fleire rekker opp handa.

– Fordi dei ikkje ville kaste mat som dei kunne ete, seier Isak.

– Heilt rett, seier Geir Oluf.

– I tillegg er blod rikt på protein og jern. Det er godt for oss. Og så åt dei hovudet. No har det blitt festmat, legg han til.

Isak er den einaste i klassen som har smakt smalahovud.

– Det smakte heilt greitt, seier han, utan å utdjupe. Favorittmaten er sushi.

– Korleis tok dei då vare på maten då dei ikkje hadde fryseboks og kjøleskåp, spør Geir Oluf.

– Kanskje i salt, svarar Tia.

Sjølvberging: Hjå Geir Oluf, fekk elevane høyre om slakting på gamalt vis, om korleis dei brukte dei tok vare på både kjøt og blod.

Og dei fekk kjenne på grisehjarte, lever og nyre.
Sjølvberging: Hjå Geir Oluf, fekk elevane høyre om slakting på gamalt vis, om korleis dei brukte dei tok vare på både kjøt og blod.

Og dei fekk kjenne på grisehjarte, lever og nyre.

Sjølvberging: Hjå Geir Oluf, fekk elevane høyre om slakting og matauk på gamalt vis, om korleis dei brukte dei tok vare på både kjøt og blod. Og dei fekk sjå og ta på grisehjarte, lever og nyrefrå gris, samt smalahovud og saueføter. Sjå, kjenne og lukte.

Ganske lik oss

Geir Oluf har òg fått med seg organ frå gris. Elevane gjetter kva det er. Dei får ta og kjenne på dei ulike organa.

– Litt ekkelt i starten, men det var gøy, seier Synne.

Gris er faktisk det dyret som liknar mest på oss menneske, seier Geir Oluf.

– Det var ganske deilig. Litt godt å kjenne på, liksom, seier Leo, som haldt både hjarta og lever.

Honninglys

– I spinngamle dagar hadde dei verken straum eller butikkar. Og skulle dei ha lys i huset, måtte dei lage det sjølve, seier Ella Helland.

Elevane har vore innom fjøsnissen på låven og er no på siste post. Her skal dei lage honninglys.

– Eigentleg skulle det vore talglys. Det brukte dei i gamle dagar, seier Ella.

– Når dei slakta dyr tok dei vare på talg, som eigentleg er feitt, som dei kokte i ei kjempestor gryte. Så fann dei ein veike som dei dyppa gong på gong på gong ned i talggryta. Det tok lang tid. Så god tid har me ikkje i dag, så me lagar honninglys, seier ho.

Elevane får kvart sitt ark med bivoks som dei varmar og rullar til lys.

Levande lys: Elevane fekk lage kvart sitt honninglys, men Ella Helland fortel at folk støypte sine eigne lys, ved å dyppe ein veke i talg, gong på gong på gong på gong. Og talg, det får me frå dyrefeitt.

Heimelaga julegåve?: Lysstøyping var ein del av arbeidet i gamle dagar, og elevane fekk lage kvart sitt honninglys. F.v.: Synne, Tirill, Maja,

Tia og Sofie. Bak lurar Odin og lærar Nils.

Heimelaga julegåve?: Lysstøyping var ein del av arbeidet i gamle dagar, og elevane fekk lage kvart sitt honninglys. F.v.: Synne, Tirill, Maja, Tia og Sofie. Bak lurar Odin og lærar Nils.

Mange inntrykk

– Kva har de lært i dag?

– At det var veldig vanskeleg på dei tidene, seier Isak litt tankefull.

– Og at det er grusomt å sjå når sauer blir slakta, legg han til.

– Eeem, kordan me kan lage lys og kost. Og så har me lært kordan dei feira jul i gamledagar, seier Tirill.

– Det er iallfall drit-easy å lage kosteskaft. Og så er det drit-enkelt å ta på hjarta og lever og sånt, seier Leo.

Odin trur lyset blir ei fin julegåve. Til kven veit han ikkje enda.

– Dei beste gåvene er dei me lagar sjølve, seier Synne.

– Kanskje skal mormor få dette lyset, seier Tiril.

Tia har besteforeldre på Tananger. No vil ho spørje korleis dei feira jul då dei var små.

– Men eg ville ikkje levd i gamledagar, fordi det var så mykje arbeid, seier ho.

– Eg har høyrt at når ungane ikkje var snille, så kunne læraren slå, seier Isak.

– Oldefaren min er 93 år. Han var 11 år i krigen, seier Maja.

Den beste skuledagen

Miljøarbeidaren på Solås er nøgd med dagen.

– Me er takksame for at bøndene og bygdekvinnene vil bruke tid på dette, seier ho.

– Det er viktig at elevane får sjå og kjenne og smake. Akkurat no sviv det mange inntrykk rundt i hovudet på elevane. Om nokre dagar har dei sortert litt. Då kjem spørsmåla, legg ho til.

Elevane har ete matpakka si ute på tunet, og pakkar sekkane med sjølvlaga sopelime, ullball og honninglys.

– Dette var den aller beste skuledagen, seier Loke, før han legg på veg over heia i lag med skulekameratane.

Julestri, juletre og kyrkjegang: Hjå Vidar og Odd Magne fekk elevane høyre om julestria før i tida, om kyrkjegang og ei ein juledag som skulle vere heilt stille.

Tunga beint i munnen: Odin får kyndig rettleiing frå Ella etter at han har varma opp honningarket sitt og skal rulle det rundt veiken.

Og vipps – ei julekule: Med 20 minutt på kvar stasjon var det imponerande mykje Odin (f.v.), Isak, Dennis og dei andre elevane fekk oppleve denne føremiddagen.

Vintermorgon: Ein flott vintermorgon på Limagarden, nett før fjerdeklassingane kjem til gards.

Annleis skuledag: Leo og Tia er fått litt å tenke på etter ein føremiddag i lag med bønder og bygdekvinner.

Lefse til overs?: Synne og Tirill likte godt lefsa, men då dei sneik seg inn for å sjå om det var meir att – var det tomt….

Stine Mari Eidland (t.v.) og Ingunn Molaug,

Gjesdal Bondelag

Vertskap: Stine Mari Eidland (t.v.) og Ingunn Molaug frå Gjesdal Bondelag meiner det er viktig å formidle kunnskap om dyr og landbruk til barn og unge.

Snart 40 år

Ansvarleg for dagen er Gjesdal-bonde Stine Mari Eidland.

–  Eg trur dette er viktigare i dag enn det var då det heile starta for snart 40 år sidan, seier ho.

– Før var det mindre, men fleire bruk. I dag er det større bruk og færre som kjenner nokon som driv gard. Barna veit ikkje kor maten kjem frå, og det er me bønder som må vise dei desse samanhengane. Og skulane er positive og vil gjerne delta i dette opplegget.

– Og bøndene?

– Det same. Dei aller fleste er positive og synest det er kjekt å vere ein del av dette. Og mange er jo skikkeleg erfarne etter kvart, seier Stine Mari.

Kollegaen hennar, Ingunn Molaug, er svært nøgd med opplegget.

– Det er eit fantastisk tilbod, og kjekt å få lov til å bli med og formidle noko som blir meir og meir viktig: Verdien av å ta vare på ting og kunnskapen om korleis me lagar mat frå botn av. Og medan elevane traskar over heia attende til klasserommet, får dei 21 frivillige ein velfortent pause med graut, kaffi og litt varme i kroppen. Før neste pulje med forventningsfulle elevar kjem inn på tunet. Og det blir ein ny runde med jul på gamalt vis.

Landbruk og skule i Gjesdal

I 39 år har Gjesdal Bondelag, Gjesdal Bygdekvinnelag og Gjesdal-skulane samarbeidd om prosjektet Landbruk og skule.

Dei har tilbud til fleire klassetrinn:
2. klasse: Skulane får tilbod om å låne ei rugekasse med egg som klekkast. Ofte er 1. klassane òg involvert.
3. klasse: Gardsbesøk, gjerne i lemminga.
4. klasse: Jul på gamalt vis på Limagarden.
5. klasse: Frå Ull til tråd, i oktober.
7. klasse: Limavatnet rundt på sykkel; stopp på Limagarden, Smia, kor dei laga Limaskjeise, Kvernhuset, Baksthuset, Gjesdal Ljåfabrikk og Gjesdal kyrkje.
9. klasse: Blir invitert med på saueskiljing i Sirdal.

På heimveg: Etter ein føremiddag med jul på gammalt vis, tek elevane beina fatt attende til skulane Solås og Bærland på Ålgård. – Akkurat no sviv det mange inntrykk rundt i hovudet på elevane. Om nokre dagar har dei sortert litt. Då kjem spørsmåla, seier ein miljøarbeidar ved Solås skule.

Stikkord denne saka: , , ,