BN+

Må endre rammevilkåra: Bøndene tilpassar seg gjeldande ramevilkår. Kjersti Hoff meiner politikarane må ta inn over seg at det er dei som styrer utviklinga, og kan endre ramevilkåra slik at vi kan oppretthalde landbruk i heile landet.


– Vi må styrke importvernet, auke sjølvforsyninga, legge til rette for mangesysleri på bruka og ta klima på alvor, seier Kjersti Hoff, ny leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.


Liv Kristin Sola


Mjølkeprodusenten frå Løten tok over leiaransvaret i NBS i november i fjor. Etter 30 år som mjølkeprodusent vil Kjersti Hoff bruke tid, krefter og erfaring på å snu landbrukspolitikken.


– Vi har snakka lenge nok. No må vi handle. Vi må erkjenne at klimaendringane er eit faktum. Vi må gjere nokre grunnleggande val om utviklinga i landbruket og om korleis vi skal klare å fø verda, seier den ferske leiaren.


Klimaendringane skulle gje ein lenger sesong og betre avlingar her til lands, vart det spådd. Mykje tyder på at det ikkje vil skje.


– Det er vi i landbruket som først får merke utfordringane, slå Kjersti fast.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: