I Bondevennen denne veka tar me ein prat med Jon Leif Eikaas, svineprodusent i Søgne, nav-besetning i Sommerveien Purkering, og tidlegare leiar av Norsvin Agder. Kunnskap, interesse og ein god plan er grunnlaget for god drift hjå Arve Kjell Sunde og Tone Bjelland Sunde, i Dvergsdalen, på Skei i Jølster, Sogn og Fjordane. Dei driv med både sau og mjølk. Kvart år, andre helga i januar, blir Sørlandssamlinga sparka i gang, og 2017 var ikkje eit unntak. Me var med, og me serverer deg ein smakebit frå samlinga. – Aukande optimisme i melkeproduksjonen er det me tek med oss frå 2016, seier Askild Eggebø, styremedlem i Tine SA, til Bondevennen. Les meir om tankane kring året som er gått og året me er begynt på. Vekas fagartikkel handlar om eggkontrollen, som er eit godt styringsverktøy for eggprodusentar.

 

Neste nummer av Bondevennen kjem i postkassane 27. januar.