Bondevennen 14/15 – 12. april

Bondevennen 14/15 – 12. april

Bondevennen 14/15

12. april

Årets påskenummer er klart for postkassane. Det er tid for lemming, og i vekas fagartikkel handlar det om akkurat dette. I reportasjen frå Strandadalen på Sunnmøre, treff me meir sau. Lillian Sylte driv bruket Øvste Gjerde, med om lag 100 vinterfôra sau. I Bjerkreim snuser mjølkebøndene på moglegheiter og løysningar på eigen gard, utan å auke mjølkekvoten. Kan ammeku vere ein del av løysninga? Me var tilstade på Felleskjøpet Rogaland Agder sitt årsmøte. Dei klatrar vidare oppover og slår alle tidlegare rekordar. Me får endeleg den etterlengta andre og siste del av årets påskekrim, Mord på bedehuset, ført i pennen av kriminalforfattar Inge Manfred Vorbasse.
God påske!

Bondevennen 13 – 31. mars

Bondevennen 13 – 31. mars

Bondevennen 13

31. mars

Kristin Skranefjell Eikeland og Ivar Eikeland driv Bjelland Prestegård, på Bjelland i Marnardal på Vest-Agder. Seks år etter at dei tok over, er begge heiltidsbønder. Betre økonomi i drifta og meir tid som familie, skal kompensere for tapt inntekt. Hege Bjerkreim og Lars Torgny Ånestad driv gard med blant anna ammeku på Varhaug i Hå kommune, Rogaland. Dei ville gjere nytte av ein ubrukt tårnsilo. Ei kreativ løysning gav rom for ei auke i talet på mordyr, frå 30 til 45. Felleskjøpet Rogaland Agder åpna eitt av Nordens største landbrukssenter, i samanheng med årsmøta i Aust- og Vest-Agder vart det arrangert til diskusjon om framtida til landbruket i Agder og det var valstemning i lufta. Inge Manfred Vorbasse presenterer første del av påskekrimmen. Alt dette og mykje meir i vekas Bondevennen!

Bondevennen 12 – 24. mars

Bondevennen 12 – 24. mars

Bondevennen 12

24. mars

I Hardanger har dei sommaren på lager. På Ullensvang Fruktlager SA, Hordaland, lagrar dei sødmen frå sist sommar i kontrollert atmosfære, heilt til neste vår. På Angedal Gard, ei lita mil frå Førde i Sogn og Fjordane, administrerer Martha Angedal eit brespeiktra Inn På Tunet tenestetilbod, med 14 tilsette.
Jærmessa styrker landbruksprofilen, Senterpartiet meiner det hastar med investeringar på små- og mellomstore bruk, AgriAnalyse meiner startskotet for bioøkonomi må gå før aktørane sett avgårde, Veterinærinstituttet advarer dyrlegar og saueeigarar etter at uvanleg mange sauer har døydd av parasitten stor leverikte, Mattilsynet har starta kampen mot ringormen, og Hæå Rekneskapslag oppmodar bøndene til å vurdera korleis dei disponerer tid og investeringar opp mot økonomien på garden. Alt dette, med meir, får du lesa i Bondevennen denne veka.

Bondevennen 11 – 17. mars

Bondevennen 11 – 17. mars

Bondevennen 11

17. mars

Mette Haugland driv gard med ammekyr og framfôring av innkjøpte stutar saman med sambuaren Per Ivar Borsheim på Årsvoll i Sandnes kommune, Rogaland. Lenge hadde det ikkje vore dyr på garden, men i haust var det nye fjøset klar og dyra kom endeleg på plass. På Steinsland i Vindafjord kommune, Rogaland, ser Tine-rådgivaren Magne Økland tilbake på 46 år i bondens teneste.
Arbeidstilsynet fryktar nye gassulukker i landbruket, det er auka interesse for dei gamle storferasane både plant produsentar og i samfunnet elles, ein engelsk sauebonde deler sitt blikk på den amerikanske landsbygda, og Sogn og Fjordane Bondelag åtvarar mot regjeringa sin forenklingspolitikk og vil arbeide for å motverka einsrettinga mot kostnadseffektiv matproduksjon med distriktsvenlege strukturgrep. Dette og mykje meir får du lese i vekas Bondevennen!

Bondevennen 10 – 10. mars

Bondevennen 10 – 10. mars

Bondevennen 10

10. mars

– Eg har ikkje klemt ei geit sidan eg reiste frå Afghanistan. Eg saknar dyra, seier Hojatullah. Saman med Javed, var han på besøk hjå saue- og geitebonde Jostein Kvåle i Sogndal, Sogn og Fjordane.
På Åsebø i Etne kommune, Hordaland, grubla Knut Helge Åsbø på å bygge nytt mjølkefjøs. Familie og vener stod rundt og heia fram ei avgjerd, og bygginga er i gong.
Norsk Landbruksrådgiving bidreg med åtte sider godt fagstoff.
Næringskonferansen Landbruk skaper mangfold gjekk av stabelen 3. mars. Me gir deg ein smakebit på kva som gjekk føre seg der.
I førre nummer fekk du lesa om sporer i mjølka, i fagartikkelen. Me følgjer opp tema denne veka.

Bondevennen 9 – 3. mars

Bondevennen 9 – 3. mars

Bondevennen 9

3. mars

På framsida ser du ei strålande blid Inger Johanne Bligaard saman med Knut Egil Stakkestad. Dei driv gard på Stakkestad, i Tysvær kommune på Haugalandet, Rogaland.I lag har dei auka produksjonen frå nokre fôringsoksar i heimefjøset, til å telle 60 ammekyr, totalt 174 storfe, 7500 høns og 477 dekar dyrka og overflatedyrka jord, samt beite og skog. Litt lenger nord, i Sveio kommune, Hordaland, har me vore på besøk hjå Sveio Smalesamdrift. Der er målet ei så frisk besetning, at dei kan velje ut dei beste dyra, i staden for å velje vekk dei sjuke. Pelsdyrbøndene har senka skuldrane og ser framover. På den årlege skinnutstillinga hjå Jæren Pelseri på Grødaland i Hå var det yrande liv og gode lydar førre helg. Tinerådgivar Bjørn Steinar Nesheim meiner grovfôret treng hårete mål, Ingve Dubland reflekterer kring kvifor vi stadig slit med sporar i mjølka, og advokaten skriv om forureining.

Bondevennen 8 – 24. februar

Bondevennen 8 – 24. februar

Bondevennen 8

24. februar

Grøntprodusentenes samarbeidsråd jublar. For første gong på meir enn ti år, aukar tomatarealet. Anne Brit Helgøy Hidle og Birger Hetland driv gardane Nord-Hidle, på øya med same namn, og Helgøy, der dei bur. Fem ungar, masse dyr og over tusen mål land fordelt på seks gardar og fire øyer gir eit hint om kvifor ‘ferie’ nærast er eit framanord. Arild Grødum har gitt flat pedal for bøndene i meir enn 40 år. I denne månadens portrett kan du lesa meir om Nortura-rådgjevaren sitt virke. Vekas fagartikkel handlar om minkproduksjon og lønnsemd, og i tillegg kan du lese om rug på beite. Rug har blitt en interessant beitevekst til mjølkekyr i Danmark. Planten kan bli aktuell til beiting også i Norge.

Bondevennen 7 – 17. februar

Bondevennen 7 – 17. februar

Bondevennen 7

17. februar

På framsida får du eit lite innblikk i fjøset til Randi Kleiveland og Arnfinn Auestad, Gjesdal i Rogaland. For fire år sidan inviterte dei til offisiell åpning av fjøset. Me fekk høyre deira erfaringar. Då Solfrid Auestad Pettersen, Gjesdal i Rogaland, kom inn i fjøset ein vintermorgon, var alt annleis enn kvelden før: Kraftfôret flaut i roboten. Grovfôret hopa seg opp på fôrbrettet, og kyrne hang med hovudet.Ho deler sine erfaringar med korona-virus i besetninga.
Vekas fagartikkel handlar om effektive reiknskaps- og økonomistyringsrutiner, og vekas skog-artikkel handlar om hogst. Elles har Innovasjon Norge i Hordaland midlar og mål om auka byggeaktivitet for mjølk og storfe, men for få søknadar.