Mister jord: Bøndene Tor t.v. og Håvard Håland er oppgitt over at Statens vegvesen har endra den opphavlige E39-traséen ved Bråstein i Sandnes. Med det nye forslaget vil jorda deira i bakgrunnen kunna bli lagt under asfalt og splitta opp av ein tverrforbindelse vestover mot Ganddal og Frøyland.

Ein ny E39-trasé og ein komande tverrforbindelse til Jæren vil øydeleggja garden til Håvard Håland på Bråstein. – Det handlar om levebrødet mitt, seier han.

Sjur Håland

Planlegginga av ny E39 mellom Kristiansand og Stavanger, skapar stort engasjement. Særleg bønder som blir direkte råka av nye traséar har kasta seg inn for å freista å få styresmaktene med på ei akseptabel løysing som gjer minst mogleg skade på eigedomen og gardsdrifta. Politikarane, som skal syta for finansieringa av gigantprosjektet, har ikkje alltid same synet som grunneigarane. Mange vil meine det er pengane som rår, ikkje omsynet til jordvern og framtidas matproduksjon.

Ti bruk

På Bråstein i Sandnes blir ti bruk råka dersom nyleg planlagde endringar blir gjennomført. To av desse bruka blir drivne av heiltidsbønder. Dei åtte andre driv i kombinasjon med andre yrke. Arealet blir stelt. Gras blir hausta eller beitt i heile området. Det kan endra seg. Ein av gardane som kan få store konsekvensar av den varsla omlegginga av den planlagde E39-traséen mellom Figgjo og Bråstein høyrer til Håvard Håland. Han fortel at det opphavlege trasévalet innebar ein lang tunnell, og gjekk lenger aust enn det nye forslaget inneber.

– Det var eit forslag det var råd å leve med for både Bråstein og Figgjo. Her kom både landbruk, naturmangfald og friluftsliv godt ut. Når Statens vegvesen endra planane i siste runde etter å ha blitt pålagd å få ned prisen på dette vegstrekket med ein halv milliard kroner, har me brått måtta førehalda oss til at E39 på dette strekket i større grad blir lagt på open mark. Det vil øydeleggje muligheitene for å drive rasjonell gardsdrift i framtida, seier han.

Katastrofe for bøndene

Farfaren kjøpte bruket i 1947. Far, Tor Håland, tok over stafettpinnen, og gav i 2014 frå seg garden til ein ny generasjon. Tor ristar på hovudet av det som er i ferd med å skje.

– Det som for vegvesenet nå er ei ideell løysing, blir ein katastrofe for bøndene og matproduksjonen på Bråstein, seier han.

Håvard fortel at nye folk frå Vegvesenet var i området i sommar, før ny trasé vart teikna og arbeid med å endra reguleringsplanen vart sett i gang. Frykta er at området også vil bli åstad for tverrforbindelse med Jæren. Den vegen vil i tilfelle skjera vestover, gjennom Håland sin eigedom for seinare å bli splitta i to. Ein veg til Ganddal i Sandnes og ein til Frøyland i Klepp/Time. I første omgang vil Håvard Håland miste muligheita til å disponere 40 dekar dyrka mark, som han nå leiger, og 60 dekar dyrka som han har fått leigeavtale på frå nyttår.

– Desse areala vil bli brukte som deponi, lagringsplass og liknande i anleggsperioden som truleg vil gå føre seg i fire-fem år, seier han.

Blir oppdelt

Håvard Håland sin gard ligg ved Figgjoelva og har 130 dekar dyrka jord, 200 dekar beite pluss utmark og skog. Han må førehalda seg til Bane Nor som eig Ålgårdsbanen, som kryssar eigedommen. Statnett planlegg ei høgspentlinje i kanten av eigedommen, medan Lyse skal leggja to luftliner over garden.

– Dei restriksjonane kan eg leva med, seier han.

Men om tverrforbindelsen kjem på eigedommen, vil mykje odelsjord bli lagt under asfalt. Eigedommen blir oppdelt i småstykke, støyen kjem til å bli merkbar, medan utsikta blir redusert. Arbeidsmengda og transportkostnadane vil, i følgje Håland auka.

– Min gard er ikkje den som blir mest råka. Dette er like surt for alle. Ingen av oss vil ha gardane våre bandlagde eller omdisponert, seier han.

– Det som opplevast svært frustrerande for oss er at det er ei anna gruppe i Statens vegvesen som arbeider med tverforbindelsen enn dei som arbeider med E39. Det kan gå år før me får vita kor den skal gå, før det kjem ein like lang byggeperiode. Dette er alt anna enn greitt å førehalda seg til.

Vil driva

No ventar bøndene på meir informasjon om planane. Håvard Håland understrekar at han ikkje har noko i mot verken Statens vegvesen eller at det blir bygd ny E39.

– Men at kroner og øre skal bli avgjerande for at matjord blir lagt under asfalt når det finns gode alternativ, er ikkje akseptabelt. Eg vil ha ei løysing som er til å leva med. Det handlar om mitt levebrød. Eg vil driva i mi tid og levera garden vidare til barn eller barnebarn, seier 43-åringen.

– Finns det gode alternativ til tverrforbindelse?

– Bogafjell, som ligg nokre kilometer lenger nord, er eit godt alternativ. Men då vil nok dei som bur i bustadfelta der protestera.

Eit digert vegkryss

Endeleg avgjersle om den nye E39-traséen mellom Figgjo og Bråstein er venta i mars, april neste år. Så kjem utgreiingane om tverrforbindelse seinare, med eige budsjett og jordrekneskap. I mellomtida arbeider Jordverngruppa i Sandnes intenst med saka. Paul Kyllingstad er leiar for gruppa og vel kjent med saka.

– Dette er eit svingslag frå Statens vegvesen. Den opphavlege løysinga var bøndene på Bråstein nøgde med, med lite arealbruk og deling av jordstykke. No kan det sjå ut til at kjerneområdet for landbruk, Bråstein, blir eit digert vegkryss med ein tverrforbindelse vestover. Det blir nå jobba på spreng for å rekna ut og synleggjera konsekvensane med forslaget som ligg føre, seier Kyllingstad.

Føresetnadane er brotne

– Bystyret i Sandnes var tydelege heilt frå starten på kva konsekvensutgreiingar som måtta leggjast til grunn for området, seier bystyremedlem og leiar i kommuneplankomiteen i Sandnes kommune, Martin S. Håland (Sp).

Den førre runden i Samferdselsdepartementet førte til den godkjente reguleringsplanen som la til grunn omsyn til landbruk, friluftsliv, kulturminne, støy og busetnad.

– Til og med ein akebakke vart teken med. Slik eg ser det no, har Statens vegvesen brote med alle desse føresetnadane som låg til grunn i vedtaket kring den opphavelege traséen, som vart godkjent i departementet. Eg kan vanskeleg sjå føre meg at bystyret vil godkjenna det nye løysingsforslaget, og vil tru at det også skal mykje til for at eventuelt fylkesmannen kan akseptera ei løysing slik ho no føreligg, seier Martin S. Håland.

Om Statens vegvesen står på sitt, vil saka truleg hamna i Samferdselsdepartementet til slutt.

– Dermed er det eit stykke fram til avklaring?

– Ja, dessverre, det blir nok ein ny runde dette.

Under styringsmålet

På spørsmål om ein kommentar, synar Statens vegvesen til deira heimeside frå presentasjonen på eit orienteringsmøte i Figgjohallen 7. november. Her kjem det fram at endringane i det 14 kilometer lange Ålgård Hove- strekket har ein kostnadsrame på kring 3620 millionar kroner, så vidt under styringsmålet på 3621 millionar kroner. Det opphavlege kostnadsoverslaget var 4900 millionar kroner.