Stadig fleire bønder vurderer å bygga plansilo. Utfordringa er å finna ei god løysing å handtera regnvatnet og redusera eventuelle avrenning.

Liv Kristin Sola

Rundt 50 bønder takka ja til invitasjonen frå Norsk Landbruksrådgiving (NLR) og Frivillige tiltak i landbruket, til ein tur sørover Jæren for å sjå på tre ulike plansiloanlegg.

Pressaft og vatn blanda med surfôrrestar gir avrenning som ofte ender opp i elver og bekkar og årskar oppgroing. Silosaft på avveie på Jæren fører til at det stadig blir funnet for mye pressaft i elver og bekker.

Erfaring gir kunnskap

Gras som er fortørka til over 30 % tørrstoff, som er godt snitta og godt pakka, i utgangspunktet ikkje gir avrenning. Då er utfordringa knytta til uttak. Innblanding av regnvatn, fôrrestar eller andre forhold gir avrenning og risiko for forureining.

Joacim Laurendz, byggingsrådgivar NLR Rogaland, peikar på følgjande tre punkt som har stor innverknad på kor mykje avrenning det vert frå ein plansilo:

– God planlegging basert på erfaring frå eksisterande anlegg.

− Kunnskap og teknikk under ilegging av graset.

− Reinslegheit under uttak. Etter kvart som fleire får erfaring med denne måten å ensilera graset på, bidrar det til økt kunnskap om korleis ein kan førebygga problemet med avrenning.

Alise og Joar Skadsem: Skråveggar og asfaltdekke

Ny plansilo erstattar rundballar og to mindre tårnsiloar.

– No er det slutt på å transportera rundballar heile vinteren, seier Joar, og reknar at dei brukte rundt 10 timar per månad, til å frakta heim fôr.

Plansiloen er 50×11 meter, med skråstilte betongelement (20 grader helling). Elementa er heist ned i spor i eit 20×30 cm fundament, og lagt mot stokkar plassert i ein voll av pukk og jordmassar, (sjå teikningar under). Elementa er 7 cm tjukke og 1,70 m høge, frå dekket.

– Med skråstilde veggar er jobben på stakken tryggare med tanke på veltefare, og me får pakka godt langs kantane. Anlegget er i tillegg lite synleg i terrenget, seier Alise og Joar.

Asfaltdekke

I botn ligg eit 5 cm tjukt asfaltdekke, Farmfalt, som er sterkare og tettare enn vanleg asfalt. Miksen er godkjend i Danmark, men i Norge er det framleis ulik praksis mellom kommunar og fylke.

– Asfalt er sjølvkomprimerande og etsar mindre enn betong. Den er rimelegare, har lenger levetid enn betong, og skadar kan lett reparerast, seier Joar.

Dekket, veggar og overgang mellom betong og asfalt er sprøyta med bitumen, eit bindemiddel som tåler syre og andre kjemikaliar, men som ikkje blandar seg med silomassen. Med asfalt i forkant og bakkant av siloen, vert det reinslegare under ilegging og uttak. I tillegg har dei høve til å utvida.

Kostnad

Prisen, inkludert siloklips og ekstra asfalt, kom på 460.000 kroner, ikkje medrekna leige av gravemaskin.

– Alternativet utan siloklips og ekstra asfalt, ville vore i underkant av 400.000, seier Alise og Joar Skadsem.

Sjå snitt av fundamentet og skråveggar her.

Sjå snitt av plansiloen her.

Jon Line: Førebygg avrenning

Hald det reint rundt siloen, og pakk graset godt for å ha kontroll på regnvatnet.

Jon tilrår å testa ut plassering før ein støyper fast dekke, og legga til rette slik at det er lettvint og praktisk med tanke på uttak av grovfôr gjennom vinteren.

Samlar regnvatnet på midten

Bonden er glad i tørt gras, over 30 og gjerne opp mot 50 %. Graset vert tippa langs veggane, og kan pakkast langs kantane utan at plastikken vert skadd av utstyret. Jon understrekar at flata på toppen har fall inn mot midten, ikkje kul. Slik får han leda regnvatn vekk frå veggane, inn mot eit basseng i midten. Når silo vert opna, rullar dei plastikken framføre seg etter kvart som dei jobbar seg inn i massen. Når vassbassenget blir stort nok, gir plastikkrullen etter og dannar ei renne på midten og vatnet fossar over uttaksområdet og ut på plassen, utan å renna inn i grasmassen.

Reinska vekk fôrsøl

I enden av siloen ligg ei open tverrenne tilsvarande ein 4” plank. Renna går over i eit 75 mm røyr som leiar til ein inspeksjonskum. Kvar celle har sitt separate system med røyr og kum. Ifølgje bonden, skulle røyret vore større, 110 mm. Inspeksjonskummane har tett lokk, og etter fire års bruk har det berre vore pressaft i ein av kummane, ein gong, i eit år med lågt tørrstoffinnhald i graset. Mykje tyder på at teknikken med å leia regnvatn vekk frå massen, fungerer tilfredsstillande.

– Eg må presisera at eg ikkje er i mål med dette, og er open for å gjera tilpassingar etter kvart som eg får erfaring med kva som fungerer, understrekar Jon.

Loyd Skrettingland: Plansilo for økt kapasitet

Aller helst ville han støypt ny tårnsilo, men kapasiteten under ilegging gjer tårnsiloen til ein flaskehals.

Loyd var tydeleg på at surfôrkvaliteten blir aller best i tårnsilo. Fôringslinja i fjøset er tilpassa tårnsiloane, og Loyd vurderte å støypa ein ekstra tårnsilo for å auka lagringskapasiteten. Men med 550 dekar grasareal og god kapasitet på slåtteutstyr og transport av gras, blir tårnsiloen ein flaskehals for effektiv ilegging. Bonden har derfor støypt ein plansilo på 12x50x3m, med ein prislapp på rundt 600.000 kr.

Loyd vil behandle betongoverflatene med bitumen, for å beskytte mot etseskadar og auke levetida. Samstundes vil det hindra pressaft å renna gjennom sprekker i betongdekket.

1. slått frå tårnsilo vert prioritert til mjølkekyr, og Loyd vil ensilera 2. og 3. slått i plansiloen, og fylle tårnsilo frå plansiloen når det vert ledig kapasitet. Slik får han nytta tårnsiloane og den eksisterande fôringslinja.

 

 

Stikkord denne saka: ,