Rektor og professor i nyskaping og bygdeutvikling, Dag Jørund Lønning, ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling på Jæren, gjer det igjen. I 2014 blei han, av avisa Nationen sine lesarar, kåra til årets bloggar. Nyleg blei han av same lesargruppa kåra til årets bygdeprofil 2015.


Kva er det med bodskapen til Lønning som fenger folk? Professoren representerer ein motstraums ideologi som set mennesket i sentrum.
– Det er menneska som er ressursen, seier Lønning.
Teiknar han ei draumeverd for folk, eller er han ein realistisk stifinnar og representerer ei reell motkraft til den makta, og den ideologien som pregar samtida?


Lønning snakkar om bygda sin breispektra verdiprofil. Det handlar om eit breiare perspektiv enn berre å produsere mat. Landbruket set rammene for, og skaper bygderommet. Når landbruket forvitrar, blir det ikkje lenger attraktivt å flytta til bygda. Landbrukspolitikken er blitt altfor snever. Ein går frå mangfald til einsidig fokus på det som kan vegast og målast, der nøkkelorda er teknologi og avdrått. Teknologiutvikling og avdrått bekymrar ikkje professoren. Her er kapitalen drivkrafta, dette klarer bonden sjølv.
Derimot er han bekymra for at attraktive lokalsamfunn og levande landbruk mange stader forvitrar. Premissar som er berande for bygdene.
– Vi har for lite merksemd på det skapande mennesket, fellesskap og berekraftige lokalsamfunn. Levande lokalsamfunnet kjem ikkje av seg sjølv. Lokalsamfunnet må skapast nedanfrå, det er viktigare enn nokon sinne, seier bygdeforskaren. Sentralisering er eit fy-ord i Lønning si tenking.


Lønning angrip politikken som inneber å bli færre og større, og meiner at vi er i ferd med å nå ei grense, der areal nå går ut av produksjon.
– Det er nok no, me treng ikkje færre bønder, er eit utsegn han ofte nyttar. Å tru at vi kan posisjonere oss for å konkurrere med EU-landbruket er ein urett påstand og naivt. Vi blir i beste fall ein dårleg kopi. Familielandbruket i EU blir skvisa. Industrilandbruket oppstår når bonden er borte. EU set nå i gang prosjekt for å gjenskape det me prøver å bli kvitt, hevdar Lønning.
Vi har ressursar som dei ikkje har. Våre særpreg er geografi, fjordane og levande lokalsamfunn. Vi må løfte fram at det bur menneske her. Dette er unikt. Slik snakkar årets bygdeprofil, og professor Dag Jørund Lønning.


Det er ei paradoks at desse idéane blir tiljubla, utan at dei i nemnande grad blir implementerte i gjeldande landbrukspolitikk. Her er det dei økonomiske spelereglane som rår på alle nivå. Matkjedane, foredlingsindustrien og bøndene må alle innrette seg etter effektivitet og plusstal i rekneskapen. Eit av orda som oftast blir gjenteke når landbrukspolitikk er tema, er ordet konkurransekraft. Vi må ha konkurransekraft i heile verdikjeda for å demma opp mot eit sviktande importvern.


Vi dreg ikkje i tvil analysen om årsak og verknad for levande lokalsamfunn og aktivt landbruk over heile landet. Den store utfordringa for teorien blir møtet med dei marknadsliberale kreftene som styrer norsk og internasjonal økonomisk politikk.


Vi har framleis ein politikk for skjerming og ei viss utjamning, men retninga uroar dersom draumelandet med levande bygder i heile landet er målet.

Eirik Stople