BN+

Deler erfaringar: Hege og Olav meiner alle bønder har eit forbetringspotensial. Dei deler gjerne sine erfaringar frå drifta på garden.


Hege Omdal og Olav T. Bø byrjar å bli klare for vår og lemming.


Jane Brit Sande


Det er fortsatt roleg på Bøgarden når Bondevennen er på besøk, men om ikkje lenge må bøndene starte førebuingane til vårens vakraste eventyr – lemminga.


– Det er Hege som er sjefen i sauehuset, seier Olav.


– Vårt driftsopplegg er takka vere hennar teft og omsorg for dyra.


Hege og Olav bruker mykje tid på å gi lamma ein god start på livet.


– Takka vere ein fleksibel arbeidsgivar, får eg avspasere i april og mai. Det er heilt avgjerande for at me skal få til det opplegget me har i lemminga, seier Hege.

Mosjon og gruppeinndeling

Lemminga startar kring 3. april, og skal vere heilt ferdig innan 25. mai.


– Me tek vekk vêren i tide, slik at me har kontroll, seier Hege.


Seks veker før sirkuset startar, deler Olav og Hege sauene inn etter tal på foster. Lysinga viste eit snitt på snautt 2,5 lam per sau. To sauer og fem lam var tomme.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

Kjøp abonnement her

Allereie digital abonnent?
Logg inn her

Sjå veiledning for korleis du bytar passord.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.

Stikkord denne saka: ,