BN+

God utnytting av fôret: Bygg dyrka fram som fodder aukar fôrverdien av kornet, ikkje minst fordi heile planten, inkludert røtene, vert nytta. Ifølgje Henning Madsen, er 60 prosent av næringa konsentrert i røtene. Foto: Istock


Henning Madsen meiner fodder av bygg kan erstatte både importert soya og korn, og heimeavla grovfôr. Dermed utfordrar han både tradisjonelle fôringsregimer og etablert landbrukspolitikk.


Liv Kristin Sola


Henning Madsen, agronom og dagleg leiar ved forskings- og utviklingsbedrifta, HCM Development AS, meiner norske bønder med fordel kan nytte fodder som eit fullverdig fôr - til alle husdyrslag. Årsaka er at våre naturgitte tilhøve gir høge grovfôrkostnadar og at mykje av fôret til husdyra våre må importerast.


– Fodder er arealeffektivt og passer spesielt godt på bruk som har lite grovfôrareal og høge fôrkostnadar, seier Madsen.


Han meiner at fodder aukar beitebruken fordi fodder som eit alternativ til grovfôr kan frigje dyrka areal til beite.


– Det gir betre velferd og aukar yteevna til dyra, seier Madsen.


Dansken minner om at fodder også vil redusere tal på arbeidstimar i traktoren og frigjere tid for bonden.


– Unge bønder ønsker ikkje å bruke heile sommaren på å berge vinterfôret til dyra. Det samsvarar ikkje med dagens familiemønster. Hardt arbeid står ikkje lenger over verdien av tid i lag med familien, konstaterer Madsen.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: