Knut-Olav Øvreeide i Tine, meiner det er mange gode grunnar til å bygge i tre, ikkje minst eit auka tilskot frå Innovasjon Norge.

 

Skal du bygge fjøs, kan de lønne seg å tenke tre, sjølv om du ikkje har eigen skog. 

Liv Kristin Sola

Etter jordbruksforhandlingane i vår vart partane samde om å løyve eit ekstra investeringstilskot på inntil 400.000 kroner til fjøs som er bygd i tre. Tilskotet kjem blant anna som eit tiltak for å satse på eit betre klimarekneskap i fjøsbygg.

– Medan tre bind og lagrar CO2 og inngår i eit biologisk kretsløp, er produksjon av betong svært energi- og CO2- krevjande, seier Knut-Olav Øvreeide.

Øvreeide er tilsett som bygningsrådgivar i Tine for å gi råd og teikne fjøs til vestlandsbonden.

Mange gode grunnar til tre

– Kva material ein vel å bygge i er sjølvsagt ei individuell vurdering som må gjerast ut frå økonomi, type bygg og dei ressursane ein rår over, seier Øvreeide.

Han erfarer at prisane for dei ulike byggemateriala varierer mykje og bør vurderast lokalt, men at eit ekstra tilskot på 400.000 vil gjere tre meir attraktivt.

– Tre opnar for meir eigeninnsats, spesielt om du har eigen skog og tilgang til sag. For enkelte kan det vere aktuelt å forlenge byggeprosessen for å auke eigeninnsatsen. Det reduserer kostnadane på prosjektet, seier Øvreeide.

Han erfarer at dei som vel trefjøs argumenterer med at tre gir eit godt arbeidsmiljø og klima i fjøset. Lydane vert dempa og treverket pustar. Tre absorberer fukt og regulerer fuktigheit i fjøset.

– Tre-prosjekta er også enklare å endre på i ettertid. Du kan skjære ut plass til ein port, ei ny dør, eller montere ting i veggane, seier Øvreeide.

Ulike typar trefjøs

Prefabrikkert element i massivtre har blitt populært, men Øvreeide minner om at det også finst heimelaga variantar av massivtre.

– Me må heller ikkje gløyme det tradisjonelle reisverksbygget med takstolar. Ein konstruksjon som kan være attraktiv for lokale aktørar, seier rådgivaren.

Medan massivtre isolerer seg sjølv på grunn av det massive treverket, er det i tradisjonelle reisverksbygg viktig å isolere veggane for å unngå fukt. Det er bonden sitt val, men Øvreeide trur det kan vere nyttig med ein diskusjon om dei ulike alternativa og kombinasjonane før ein tek ei avgjer.

Les om fjøs i tre på Mjellem i Hyen.

Massivtre kan bestillast pre-fabrikert, eller du kan lage det sjølv slik som på biletet frå fjøset til Bertel Oddne Mjellem.

Fjøset til Bertel Oddne Mjellem er heimesnekra massivtre, med lysopningar i veggane og naturleg ventilasjon gjennom kip i mønet.

 

 

Stikkord denne saka: ,