
Populær lapskaus: - Kjappare ferdigmat får du ikkje. Dette er berekraft i praksis, seier Kristine og Odd Ohnstad. Coop-butikkar, kafear, restaurantar og reko-ringar tilbyr Sognalapskausen frå Flåm og Lærdal.
Under ein fotballtur til England oppstod idéen om Sognalapskaus. Sauekjøt og krokete gulrøter er matchvinnarar i kampen mot matsvinn.
Anne Rivenes, frilansjournalist
Odd Ohnstad og Harald Blaaflat Mundal drog på fotballtur til England i 2018. På pub etter kampen sat dei to kameratane og flirte litt av at folk frå Liverpool vert kalla «scoursers», frå matretten lapskaus (lobscouse).
– Så brått openberra det seg: det er lapskaus me skal lage! Me hadde snakka om å samarbeide, og her kom svaret, seier Odd Ohnstad i Haugen Gardsmat.
Kristine og Odd Ohnstad hadde lenge pønska på korleis sauekjøtet kan nyttast betre, medan Harald Blaaflat Mundal i Lærdal Grønt hadde ei utfordring med grønsaker i feil form og storleik.
Held tradisjonane varme
Etter ein del tilrettelegging, utstyrsinnkjøp og smakstesting, vart Sognalapskausen lansert i august i år. Lærdal Grønt leverer ferdig terna grønsaker, medan Haugen Gardsmat stiller med salta, røykt fårekjøt og salta svinekjøt. Kraft vert kokt på stykningsdelar med bein, før kjøtet vert plukka av og terna opp, medan grønsakene får koka i krafta. Til sist blir 900 gram ferdig lapskaus, med reine norske råvarer, utan tilsetningsstoff, pakka i posar med Nyt Noreg-etikett.
Allereie digital abonnent?
Logg inn her
Sjå veiledning for korleis du bytar passord.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.









