Blir passa på: Vipene i Rogaland blir godt passa på av bønder og entreprenørar. I samarbeid med Agromiljø er det utvikla ein disk i metall som blir lagt oppå reira for å beskytta egga i våronna. Foto: Istock

– Vipediskane har fungert utruleg godt, seier maskinentreprenør Ole Asbjørn Nærland om metallplatene som skal trygga vipereir under våronna.

Jane Brit Sande

Ole Asbjørn Nærland i Nærland maskin på Jæren, var ein av fleire entreprenørar som fekk utlevert vipe-diskar av Fylkesmannen i Rogaland før våronna. Våren kom tidleg til Jæren, før vipene rakk å bygga reir. Derfor har testinga av diskane ikkje vore så omfattande som venta. Nærland fortel at det har vore få reir, men at han har brukt diskane der han kunne, og at erfaringane har vore gode.

– Så lenge reira er merkte, er det berre til å legge diskane oppå før eg skal ut med slangen, seier Nærland.

Han erfarer at gjødselslangen glir lett over, då diskane har ein glatt overflate.

– Dei har fungert utruleg godt dei gongene me har brukt dei, seier Nærland.

Diskane skal leggast over reira for å beskytta dei frå slangane på stripespreiaren. Vanlegvis er våronna kring den tida vipa legg egg. Fleire entreprenørar og privatpersonar har fått tildelt vipe-diskar. Det er Fylkesmannen i Rogaland som har delt dei ut, og har stilt som kriterium at dei som får diskar, også deler sine erfaringar. Dette skal bli gjort i eit møte, som truleg blir arrangert til hausten.
Totalt er det delt ut 50 diskar. Diskane er produsert i samarbeid med Agromiljø, og finansiert med SMILmidlar.

Ole Asbjørn Nærland
Foto: Privat

Stoppar opp for å redde reir

Maskinentreprenøren seier at han også har oppdaga reir undervegs på jordene, og at han då har stoppa arbeidet slik at han kan legge disken over og beskytte reiret.

– Når eg er ute med slangespreiaren, har eg med meg kar ein som står ved kummen. Då kan han stoppe pumpa, før eg stopper traktoren for å gå ut og legge på disken. Dersom reiret er i eit hjørne på marka, triksar eg det til slik at eg slepp å stoppa opp arbeidet, seier Nærland.

Han seier det sjølvsagt er ein stor fordel om bøndene lokaliserer reira på førehand, men at dei ikkje er så lette å sjå.

– Dei gongene me ser reira, er når vipa letter når me kjem nære med traktoren. Ser me reira, gjer me det beste me kan, seier Nærland.

Beskyttar reira: Vipedisken blir lagt oppå reiret før ein køyrer utpå jordet. Den beskyttar reira og er godt synlege for sjåføren. Her er disken før (innfelt) og etter gjødsling. Foto: Karin Hansen Nærland/Hå kommune.

Positive bønder

Nærland seier at bøndene han er i kontakt med, er positivt innstilte til arbeidet for å verne vipa.

– Stort sett alle er interesserte i å ta vare på vipa. Det har også vore bønder her hjå meg som har lånt diskane, seier han.

– Kjem du til å nytte diskane framover?

– Ja, heilt klart, seier Nærland.

Stikkord denne saka: