I tide: For å minimera risikoen for at transporten av til dømes gjødsel blir råka av koronapandemien til våren, kan det vera lurt å kjøpa gjødsel alt no, seier Jens Randby, hjå Felleskjøpet Rogaland Agder. Foto: FKRA

Mykje av såfrøet og gjødsla til våren er på plass i lagerbygningane til Felleskjøpet. For å avlasta transportpress til våren og eventuelle koronarestriksjonar, oppmodast dei kundane som kan til å ta heim gjødsel alt nå.

Sjur Håland

Det er mørk og kald koronavinter på garden. Men vekene og månadane fyk fort, og ut på nyåret byrjar sola i bakkane å blenkja. Har Felleskjøpet det bonden treng av fôrmiddel, gjødselvarer, frø og all verdas rekvisita i ei rar tid der til og med toalettpapir har blitt utsett for hamstring?

– Ja, svarar Jens Randby, sjef plantekultur hjå Felleskjøpet Rogaland Agder (FKRA).

Han seier at smittesituasjonen så langt ikkje har råka verksemda, og held fram at det blir arbeidd kontinuerleg med smittevern og beredskap i heile organisasjonen.

Gode frøavlingar på Agder

Førebuingane til våren og bøndene sine behov for nytt påfyll av gjødsel, såvarer og ensileringsmiddel, har gått som normalt utover hausten, fortel han.

– Me har fått inn såfrø frå våre eigne avlarar, dette er me nå i full gang med å reinsa, seier han. Frødyrkarane på Agder har hatt ein svært god sesong og har levert topp frøavlingar, fortel Randby.

Jens Randby
Foto: FKRA

Han seier at også raigras-såfrøimporten frå Danmark og Holland er i rute, medan det som trengst av timoteifrø i tillegg, frå FK-Agri, er bestilt og blir levert i desse dagar.

Kjøp gjødsel no

Den årvisse gjødselkampanjen har, som tidlegare år, ført til at mange bønder kjøper inn gjødsel alt nå. FKRA ønskjer at enda fleire bønder kjøper gjødsel fram mot nyttår.

– For oss lettar haustsalet logistikkutfordringane. Me reduserer også belastninga på gjødselterminalen i Sirevåg. Blir presset for stort om våren kan det bli utfordrande å få ut varene til kundane i tide, seier han.

Kan lagrast ute

Også koronasituasjonen med smittevern- og beredskapsomsyn gjer at FKRA ønskjer å fordela utkøyringa av driftsmiddel.

– At transportapparat, såvareavdeling, eller gjødselterminal blir sett ut av spel grunna koronapandemien er vår store bekymring. Difor oppmodar me kundane våre til å vera tidleg ute med bestilling for å sikre at turvande driftsmiddel som såvarer og gjødsel er på plass på garden i god tid før våronna.

Ikkje alle har moglegheit til å lagre gjødsla innomhus. Bønder fryktar at vinsten med å kjøpa gjødsel på hausten til 3-400 kroner i prisreduksjon per tonn på NPK-gjødsel, kan gå tapt dersom innhaldet i nokre sekker blir fuktskada gjennom vinteren.

– Klart det er ei utfordring, men vår erfaring er at om du lagrar gjødsla ute på pallar på tørt, drenerande underlag med tett og solid presenning over, så går det heilt fint, sjølv her på Sør-Vestlandet, seier Randby.

Stikkord denne saka: ,