BN+

Silo: Botnplata på den eine siloen er støypt. Nå skal forskalinga monterast før støypinga av tårnsiloen tek til. Per Kristian Skrettingland-Haarr t.v. og Erik Auestad saman med odelsjenta Kine Auestad (8).


Erik Auestad og Per Kristian Skrettingland-Haarr har kjøpt og pussa opp ei eldre siloforskaling. Nå skal bøndene i gang med å bygga to åttemeters siloar kvar.


Sjur Håland


Dei to Varhaug-bøndene har brukt ledig tid gjennom hausten og vinteren til å pikka rust. Dei har sveisa, slipt og laga nye delar der det har vore naudsynt. Den velbrukte siloforskalinga, i si tid bygd hjå Brødrene Hetland på Bryne, er nå klar til bruk.
Hjå Kristin og Per Kristian Skrettingland- Haarr, har dei alt grave ut og støypt botnplata til første siloen. Dei to siloane skal plasserast tett opp til den eksisterande bygningen. Skrettingland-Haarr, som også arbeider i betongbransjen, peikar ned i den fire meter djupe gropa og forklarer at det er svært viktig å sikre gravemassane inn mot dei gamle grunnmurane. Dei har slått kraftige jerndippar ned i jorda og sikra med bjelkar i tre for å stabilisera massane.

Ni meter tipphøgd

Siloane får ni meter tippehøgd frå løegolvet. Dei støyper tre til fire meter ekstra over dekket og bygger tak som skal koplast til løa. Løeveggen kjem også til å bli kledd med nye plater i same slengen. Dei to bøndene, som samarbeider om prosjektet, tek tida til hjelp, og har ingen tidsfrist å førehalda seg til.


– Er me heldige kan me fylla den eine siloen vår i løpet av sommaren, seier Skrettingland-Haarr.


Hjå Johanne og Erik Auestad skal det også byggast to siloar attåt eksisterande driftsbygning. Det skjer først etter at prosjektet hjå Skrettingland-Haarr er heilt ferdig. Auestad planlegg ti meter tippehøgd.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

Kjøp abonnement her

Allereie digital abonnent?
Logg inn her

Sjå veiledning for korleis du bytar passord.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.

Stikkord denne saka: