
Allsidig på Hanakamneset: Rolf Henrik Tveit og Åse Marit Moen Tveit driv med mjølk, gris og sau på Hanakamneset på Sand. Dei håper å auke foredlinga og sal av eigne råvarer slik at dei begge kan leve av garden. Foto Privat.
Etter ein fantastisk start for lokalmatbutikken Loma i desember i fjor, vart det brått rolegare i januar. No går produsentane nye vegar for å auke salet.
Liv Krisitn Sola
Lokalmatbutikken Loma ligg midt i sentrum av Sand, i Suldal kommune i Ryfylke. Elleve produsentar tilbyr eit stort utval av fersk og foredla kjøt, meieriprodukt, bakst, egg og honning.
– Det gjekk svært bra fram mot jul, og me var jo klar over at salet ville droppe i januar. Men etter eit par tre veker har det auka på igjen, jamt og trutt, seier Rolf Henrik Tveit.
I lag med kona Åse Marie Moen Tveit, driv han Hanakamneset gard på Sand. Dei har 12 årskyr og 85 tonn i kvote, ti sauer, 25 purker og slaktar rundt 500 gris i året. Ein del av dei går ute i skogen og vert teke i retur for sal lokalt. Dei har foredla eigne råvarer i over fire år og har eit godt utval i butikken.
– Me ser heilt klart at interessa for lokal mat berre aukar, seier Tveit.
Allereie digital abonnent?
Logg inn her
Sjå veiledning for korleis du bytar passord.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.






