Hårlause parti: Desse kyrne har haleskabb, men er ulikt hardt angripne. Dette er typisk område å sjå symptom på haleskabb. Dersom dyra er hårlause på større område eller mindre typiske stader, bør du sjekke for lus eller ringorm.
VETERINÆREN:
Haleskabb under radaren
Haleskabb på kua? Nei, ikkje hjå meg, tenker du kanskje. Men – har du eigentleg sjekka?
Hildegunn Mugås, dyrlege ved Hestavangen Dyreklinikk på Voss, og sauebonde.
Når me høyrer ordet skabb tenkjer me fort på rev og ekstrem kløe. Ikkje storfe. Storfe får sjeldan skabb, men haleskabb er truleg eit undervurdert og underdiagnostisert problem.
Symptom
Typiske symptom er skurver og tørre, flassete område kring halerota, endetarm og kjønnsopning. Iblant kan dei også bli angripne langs innsida av låra. Mange dyr klør. Skaden vert då gjerne større og meir synleg.
Avhengig av oppstalling, tilgang på kost og utforming av innreiing, er det ulikt kor mykje dei klarer å klø seg. Enkelte dyr er angripne utan å vise korkje kløe eller skurver.
Dyr som klør mykje er sjølvsagt plaga av det, og det kan gå ut over både fôropptak og yting.
Sjå etter!
Mange gonger ser eg besetningar kor haleskabb har eit problem. Eg spør bonden om dei er klar over det, og om dei eventuelt har gjort tiltak. Altfor ofte har dei lagt merke til skurvene, men ikkje visst kva det var. Utan tydelege symptom på ubehag frå kyrne vert det gjerne ikkje teke tak i problemet.
Som den gongen eg påpeika dette hjå ein bonde. Det var midt i brunsten, då og bonden brukar ein del tid på å studere kyrne bak for å registrere brunstteikn.
– Har du ikkje sett det då, spurte eg?
– Nei, sa han.
– Det er jo ikkje det eg ser etter!
«Dyr som klør mykje er sjølvsagt
plaga av det, og det kan gå ut
over både fôropptak og yting.»
Årsak
Årsaka til haleskabb er ein parasitt, ein skabbmidd som heiter Chorioptes bovis. Denne midden kan også gå på hest. På hest angrip den haleområdet som på storfe, eller kodebøyen på beina. Der vert det kalla skabbmugg, eller berre mugg.
Smittespreiing
Skabbmidden er ein parasitt som legg egg. Smitte skjer ved fysisk overføring mellom dyra, av egg eller vaksne middar. Det kan òg overførast indirekte via innreiing, klø-kostar, skraper eller via oss menneske. Middane er små og kan ikkje sjåast med auga.
Behandling
Det finst effektive middel mot parasitten. Dette er såkalla «pour on»-produkt som ein påfører på huda. Utfordringa blir at alle dyr må behandlast samstundes. Alle indirekte smittekjelder må fjernast eller desinfiserast.
Produkta som blir mest nytta, har også effekt mot innvolls-snyltarar.
Til slutt eit tips: Det kan vera lurt å behandla innkjøpte dyr for å hindre å få smitten inn i fjøset.
DEI SISTE ARTIKLANE FRÅ VETERINÆREN:
Når den nyfødte kalven ikkje syg
Kalven kjem til verda, du mjølker kua og varmar mjølka for å gi kalven, men den vil ikkje suge. Kva gjer du?
Er du rustet for overgangen til ny kyllinghybrid?
Kyllingbransjen er i ferd med å bytte til en mer saktevoksende rase. Her er noen tips til hvordan du som bonde kan tilpasse deg den nye hybriden Rustic Gold.
Forebygg jurbetennelse hos kvigene tidlig
Mange er flinke til å passe på tilvekst, oppstalling og fruktbarhet i kvigeoppdrettet. Likevel kan jurbetennelser lett ødelegge det gode arbeidet.