Gå og sjå! Marknadar, messer, sku’ eller mart’n: Kjære møteplassar med liv og nyheiter har mange namn opp gjennom norsk landbrukshistorie.
PODCAST:
Ein viktig møteplass?
Spiss øyrene for ein podcast om kva Agrovisjon eigentleg er for noko, og om kva rolle slike messer spelar og har spelt.
Det nærmar seg Agrovisjon, ei landbruksmesse som går av stabelen kvart tredje år i matfylket Rogaland. Men kva er eigentleg greia med slike kjempearrangement? Bondevennens Jenny Kleppe og Bjørn Lende dukkar ned i fenomenet. Dei snakkar om kva du har i vente med leiar for årets Agrovisjon, Olav Røysland. Og dei slår av ein prat med Bondevennens journalist Sjur Håland om kva rolle slike messer har spelt for bøndene historisk. PS: Det kunne gå vilt føre seg…
Podcasten Bondevennen er sponsa av BondeKompaniet, Jæren Sparebank og Rogaland Fylkeskommune.
Du finn denne nye episoden, inkludert det rikhaldige arkivet over tidlegare episodar, der du lyttar til podcast eller via spelaren under.
Olav Røysland
Sjur Håland


