Ein klok pause

21. november 2025 | Leiarar

Bothild Å. Nordsletten

Norsk melkeråvare melde i førre veke at dei set bruken av det metanhemmande middelet Bovaer på vent. Pausen kjem i påvente av meir kunnskap om kva som har gitt negative følgjer i enkelte besetningar i Danmark.

Danske storfebønder med meir enn 50 kyr har måtta gi Bovaer til dyra sidan 1. oktober. I vekene etter har fleire meldt om tilfelle av mellom anna redusert drøvtygging, mindre avdrått, sjuke dyr og plutseleg død.

Norsk melkeråvare, som er underlagt Tine, viser til føre-var-prinsippet når dei nå set forsøket med Bovaer på 70 norske gardar på vent fram til midten av januar.

«Etter-snar» er kanskje eit betre ordval. Vel vurderer både Mattilsynet og EUs mattryggleiksorgan EFSA Bovaer som trygt for både menneske og dyr. Og ingen av dei negative følgjene som er observerte i Danmark er rapporterte om her heime. Men mangelen på langvarige forsøk under norske forhold har gjort mange bønder og forbrukarar urolege. Betre vart det ikkje då årets jordbruksoppgjer varsla at metanhemmarar til mjølkekyr kan verta eit krav for å få husdyrtilskot alt frå 2027 av.

Debatten etterpå er framleis eksplosiv. Her er mellom andre Bondelaget som forsvarar metanhemmarar som ein effektiv måte å nå klimaforpliktingane på. Motsett finn me skeptiske bønder som er lut lei stempelet som klimaverstingar. «Ikkje tukla med naturen», seier dei. Draghjelp får dei frå veterinærar og kosthaldsekspertar, men også frå klimafornektarar og konspirasjonsteoretikarar.

Ein heftig debatt er ikkje grunn nok til å stogga innføring av metanhemmar. Men tilfella av moglege alvorlege biverknadar er det. Bondevennen meiner derfor det er klokt å pausa testinga i norske fjøs. Me ser i møte meir kunnskap og forsking under heimlege forhold.

Undervegs må pausen nyttast godt. Debatten om klimakutt, dyrehelse, drifts­økonomi og forbrukartillit må halda fram. Det står så mykje på spel. Framtida til mjølke- og meierimarknaden kan bli påverka. Truverdet til jordbruket sitt klimaarbeid likeså. Bonden sitt klimaomdøme er alt under krysspress. På den eine sida står både forkjemparar og motstandarar av Bovaer i og utanfor næringa. På den andre sida politiske krefter som ønskjer sterkare klimalut mot husdyrprodusentane om dei ikkje kuttar metanutslepp snarast.

I så måte er det også svært viktig at partane i debatten er budde på resultata av den komande forskinga: At Bovaer ikkje er trygt å bruka. Eller, motsett, at det er heilt harmlaust.

DEI SISTE LEIARANE:

Snart brenn det skikkeleg på dass

Snart brenn det skikkeleg på dass

Heile Norge har fått med seg at det kokar i gjødseldebatten i Rogaland, men snart brenn det for alvor på dass – eller meir presist: i gjødselkjellaren. Det hastar nå. Utfordringane bønder får med mindre spreieareal er berre toppen av isfjellet.

Mangel på respekt og bondevett

Mangel på respekt og bondevett

Naturbeitemark blei ordet me seint vil gløyme frå sommaren 2026. I starten av juli skreiv Bondevennen om Gro Sevheim, som fekk eit varsel om oppheving av spreieareal frå Statsforvaltaren midt i ferietida. Bonden samanliknar varselet med eit slag i trynet.

Sommarminna bleiknar aldri

Sommarminna bleiknar aldri

Det kjennest som ein augneblink. Våren var akkurat her og gjorde verda ljos. Så, vips, er sommaren på plass med lauvtunge tre og frodige grøne enger.