Sommarminna bleiknar aldri

26. juni 2026 | Leiarar

 Jofrid Åsland Gilje

Det kjennest som ein augneblink. Våren var akkurat her og gjorde verda ljos. Så, vips, er sommaren på plass med lauvtunge tre og frodige grøne enger. Det er vanskeleg å sjå føre seg at vinteren ein gong skal få makta tilbake, men me veit at det vil skje.

Husk å nyte. Ljose dagar fyk så fort forbi. I sist utgåve av Bondevennen fekk du eit gjensyn med eit vakkert sommarglimt frå 1973. Tor Rolv Time var 6 ½ år. På biletet har han stilt seg opp på ei rakerive, og speidar utover hesja gras. I dag er han 58 år, og i denne utgåva av bladet skildrar han fine somrar på garden til onkelen og tanta. Han sykla ei mil for å vere med på slåtten.

Kor mange barn i seksårsalderen vil sykle ei mil langs smale vegar for å drive med gardsarbeid denne sommaren? Truleg ikkje veldig mange, og skulle det skje – kan det hende foreldra blir stempla som mindre ansvarsfulle.

Var alt betre før? Nei, men noko har endra seg i jakta på eit stadig betre liv. Det som før var eit vanleg sommarliv kan i dag bli sett på som alternativt. I laupet av eit halvt århundre har dei fleste også fått mykje dårlegare tid. Å vere heime, stå i siloen, bade, ete is og nyte skulefri er jo eit heilt topp konsept. Kvir me oss for at sommarforteljinga barna skal dele på skulen til hausten ikkje er god nok?

Det er inga menneskerett å reise til «syden». Gardslivet legg ikkje alltid opp til fancy utanlandsturar, særleg ikkje sommarstid. For den som vil maksimere drifta og ta stadig fleire slåttar er iallfall ikkje sommaren beste tidspunkt for late dagar. Men midt i gardslivet finn du barbeinte føter som trippar over gardsrommet, ei ku som rautar gjennom sommarnatta, sauene som stakk av, grillkveld med familien, ferske bær rett frå åkeren og irriterande myggstikk. Mellom alt det travle, håper me i Bondevennen du finn tid til det som ein dag kan bli eit vakkert minne som aldri bleiknar.

Sleng beina høgt, og hent veldig gjerne inspirasjon frå gardsreportasjen. Bonden Ole Anton Liverud har hatt sin dose utfordringar. Likevel ville han gjort det same om igjen, han kjenner på at prioriteringane for familiebruket var rett. Han har tufta drifta på garden sine ressursar.

God sommar – stress ned, og prioriter hardt etter eigne ynskjer og ressursar.

DEI SISTE LEIARANE:

Ikkje la mørket ta over

Ikkje la mørket ta over

Hausten har allereie endra grønt liv til visnande raudt og brunt. I heia er det vakkert. Toppen på lukke er krystallklar frisk luft, sol og saueflokkar på veg ned fjellsida. Det kan vere tungt å springe etter kreative sauer med eigne planar, men likevel: Det er fint å vere bonde ein haustdag i heia.

Alt for Norge

Alt for Norge

Valspråket til kongen er vakkert og stort. Slik det høver seg for ein konge. Kong Harald er død, og media har knapt skrive om anna. Det er sjeldan konge­huset figurerer i fagbladet Bondevennen sine spalter, men det har hendt.

Snart brenn det skikkeleg på dass

Snart brenn det skikkeleg på dass

Heile Norge har fått med seg at det kokar i gjødseldebatten i Rogaland, men snart brenn det for alvor på dass – eller meir presist: i gjødselkjellaren. Det hastar nå. Utfordringane bønder får med mindre spreieareal er berre toppen av isfjellet.