Drifta vidare: Her er Magnhild Østraatt saman med barnebarnet Anna og dottera Kathrine Ø. Hallanger, som skal overta drifta av garden.

Foto: Åshild S. Ljones

Drifta vidare: Her er Magnhild Østraatt saman med barnebarnet Anna og dottera Kathrine Ø. Hallanger, som skal overta drifta av garden. Foto: Åshild S. Ljones

– Ein tur til helvete

10. februar 2026 | Aktuelt

Rune vart forgifta av gjødselgass. Magnhild besvimte i forsøket på å redde ektefellen. Rune omkom. Magnhild lever vidare med ein viktig bodskap til andre bønder.

Hildegunn Mugås, veterinær og skribent.

28. september 2019 skjer det som ikkje skal skje. Rune Østraat vert forgifta av gjødselgass. Dagen etter døyr han på sjukehuset.

– Det har vore tøffe år, men tema er så viktig. Difor fortel eg, seier enka, Magnhild Østraat.

Livsviktig – Livsfarleg

Alle treng maten som bonden produserer, men å produsera mat kan vera farleg. Knapt noko anna yrke er så utsett for ulukker som bonde.

Les alle artiklane i samlinga:
– Ein tur til helvete
Det livsviktige, livsfarlege yrket
Ein time av minnet vekke
– Det måtte ei ulukke til…

Det var siste helg i september. Slik reglane var då, siste helg det var lov å spreie møk utan nedmolding. Magnhild og Rune skal nytta føremiddagen til å gjere klar til møkaspreiing om kvelden. Om tida strekk til er det òg nokre sauer som bør hentast heim frå fjellbeite.

Gode rutinar

Rune og Magnhild har drive garden på Hallanger i Hardanger i 19 år. Magnhild er bonde på fulltid. Rune har ei landbruksstilling i kommunen. Ingen større uhell har skjedd på garden på desse åra. Dei har vore nøye med sikkerheita, teke gode førehandsreglar og fylgt sine eigne rutinar.

– I etterkant tykkjer eg framleis me alltid har hatt gode rutinar, seier Magnhild.

Men 28. september 2019 bryt Rune regelen. Ingen veit kvifor.

Redda av nabo

Å miksa møk er ein einmannsjobb, men dei brukar alltid vera to om det er naudsynt å gå inn i møkakjellaren, til dømes for vedlikehald.

Magnhild har vore i floren og stelt ein nyfødd kalv som treng litt ekstra pleie. Etterpå tek ho sonen på åtte år med seg for å sjå til han som miksar møk. Rune er ikkje å sjå. Traktoren går, men miksaren er stoppa. Og vadebuksa er ikkje på den vanlege plassen. Ingen svarar når dei ropar. Så ser ho mannen sin ligge med andletet ned i møka eit stykke inne i møkakjellaren.

Rune Østraat vart 46 år.

Foto:

Sigrid Seim/Avisa Hordaland

Rune Østraat vart 46 år.
Foto: Sigrid Seim / Avisa Hordaland

– Det var forferdeleg. Eg gjekk inn. Eg tenkte ikkje, seier Magnhild.

Men tenkt må ho ha gjort, for ho bad sonen Eirik springe til naboane etter hjelp. Dei bur heldigvis berre nokre få hundre meter borte. Då naboen og sonen kjem tilbake har Magnhild fått Rune bort til porten, men no ligg ho sjølv medvitslaus i møka.

– Eg vart redda av naboane, men eg hugsar ingenting. Det gjekk så fort. Eg veit berre at Rune ikkje har lidd, seier ho.

Rednings- mannen Ivar Lindvik.

Foto: privat

Redningsmannen Ivar Lindvik. Foto: privat

Redningsmannen

Nabo Ivar Lindvik forstod straks alvoret då naboguten Eirik kom springande etter hjelp. Det var flaks han var i tunet nett då. Ivar får tak i Rune frå utsida av mottingen. Han seier det rett ut:

– Hadde eg gått inn, hadde eg vore død.

Rune var tung grunna vadebuksa som var full i møk. Mens han strevar for å lyfta kroppen til Rune flyt Magnhild opp frå møka. Ivar får tak i håret hennar og dreg henne opp og ut. Fleire naboar kjem til og får varsla naudetatane. Saman klarer dei lyfta ut Rune også.

Magnhild kjem til seg sjølv etter kort tid. Ivar og dei andre startar hjarte- og lungeredning på Rune.

Midt i det tragiske

Det lokale brannvesenet er fyrste naud­etat på plassen.

– Dei hadde hjartestartar, og fekk hjarta til Rune til å slå, seier Magnhild.

Ho anar håp då Rune vert frakta med helikopter til Haukeland sjukehus. Men der inne vert det konkludert med store hjerneskadar og øydelagde lunger.

Midt i krisa får Magnhild spørsmål om organdonasjon. Eit krevjande spørsmål, men Magnhild bestemmer seg for å seie ja. I dag veit ho at organa til mannen hennar bidreg til eit lengre liv for fire andre menneske.

29. september vert Rune erklært død, 46 år gammal. Sjølv kjem Magnhild frå ulukka utan varige fysiske skadar. Men ho mistar mannen sin. Og barna mistar far sin.

«Me har alle vore gjennom eit helvete, men me har kome oss gjennom og er på god veg tilbake til ein tilnærma normal kvardag.»

Magnhild Østraat

Skulle ynskja nokon spurte

Tida etterpå ulukka har vore forferdeleg for familien. Rune etterlot seg Magnhild og fire barn i alderen åtte til tjuefire år. Dei tre døtrene var ikkje heime då ulukka skjedde. Men yngstesonen opplevde å sjå faren drukne og at mora var nær ved å få same lagnad.

Familien og naboane fekk hjelp frå kommunalt kriseteam i akuttfasen. Då var Magnhild innlagt på sjukehuset.

Ho fortel om lite oppfølging etter ho sjølv var på beina att.

– Eg fekk til dømes ingen råd om korleis eg kunne takle kvardagen med barn i sorg. I tillegg til mi eiga sorg, seier ho.

Magnhild har tenkt mykje på dette. Ho skulle ynskja nokon tok kontakt. At ho fekk hjelp til å takle både traumet, eiga skade, valet om organdonasjon og livet vidare.

– I ei krise er det ikkje sjølvsagt at alle er i stand til å ta vare på eiga psykisk helse, seier ho.

Ho  meiner det skulle vore pålagt med oppfølging hjå psykolog etter slike hendingar.

– Å sjølv skulle ta initiativ er vanskeleg, seier ho.

«I etterkant tykkjer eg framleis me alltid har hatt gode rutinar.»

Magnhild Østraat

Alt som må gjerast

Etter ulukka var det også mange praktiske ting som skulle ordnast. Kontakten med kommunen og forsikringa gjekk greitt. Det var verre med fylket. Mykje måtte ordnast formelt sidan paret hadde barn under 18 år.  Magnhild saknar meir informasjon til etterlatne som står i ein sårbar situasjon.

– Det er tungt å måtte finne ut av det sjølv, seier ho.

– Hjernen fungerte ikkje normalt. Konsentrasjon og tankeverksemd var vanskeleg.

Driv garden vidare

For Magnhild var det ungane, garden og papirmølla som fekk fyrsteprioritet. Tanken om å avslutte drifta slo ho fort frå seg. Ho var bevisst på å halda kvardagen i gang, både som mor og bonde.

– Eg er glad eg kunne gjere fysisk arbeid, verte sliten og sove godt, seier ho.

Det var ein fast avløysar på garden, samt to til som var kjende med drifta. Avløysarane var avgjerande for at Magnhild kom gjennom det fyrste året utan Rune. Hjelpa frå familien og naboane har òg vore svært viktig. Magnhild arbeidde når ho orka, men visste at dyra vart tekne vare på også dei dagane ho ikkje makta.

– No har eg snart drive garden vidare i seks år. Eg skulle gjerne sloppe å gjere det åleine, seier ho.

Snart skal eldste dottera overta drifta. Det er Magnhild glad for. Igjen er det små barn på tunet. På nabogarden kjem det også ein ny generasjon.

– Me har alle vore gjennom eit helvete, men me har kome oss gjennom og er på god veg tilbake til ein tilnærma normal kvardag, seier Magnhild.

Magnhild trur ikkje ho kan klare å gå inn i møkakjellaren igjen nokon gong.

Tenkjer ho annleis kring sikkerheit no, enn ho gjorde før ulukka?

– Me har alltid tenkt på dette, men eg er nok endå meir bevisst no. Rådet må vere å følgje rutinane – kvar gong!

Råd for å unngå gjødselgassforgifting

At gjødselgass er farleg er noko alle veit. Likevel skjer det ulukker for ofte. Heldigvis ender dei færraste ulukkene så tragisk som på Hallanger.

Årsaka til gjødselgassforgifting er hydrogensulfid. Gassen er tyngre enn luft og vert frigjort når ein rører i «skorpa» i møkakjellaren. Hydrogensulfid er ikkje luktfri, men lammar luktesansen. Effekten kjem raskt, du rekk ikkje kome deg ut på eiga hand før du vert medvitslaus. Etter eitt til to andedrag vert du slått ut.

Magnhild har nokre råd for unngå ulukker i samband med gjødselhandtering:

• Tilfør ekstra luft, til dømes med ei vifte.
• Bruk gassmålar og gjerne gassmaske.
• Ver alltid to personar.
• Det er minst like farleg, om ikkje farlegare, når det er lite gjødsel i kjellaren.
• Ikkje la deg lure av at «det har gått bra før».
• Tenk på eigen sikkerheit. Manglar du sikkerheitsutstyr må du ikkje gå inn sjølv om nokon treng redning. Bruk eit reiskap for å få mennesket eller dyret som treng hjelp til næraste port.
Ein time av minnet vekke

Les òg artikkelen:

Ein time av minnet vekke

– Det måtte ei ulukke til...

Les òg artikkelen:

– Det måtte ei ulukke til…

Stikkord denne saka: