Lag ein grøn slagplan
Sjur Håland
Sjølv om frosten har sloppe taket, kan det isa kaldt nedover ryggen hjå hardbarka bønder. Dei siste par vekene, etter at plussgradene kom, har mange speida intenst etter grøne livsteikn i gulbrun eng. Særleg på Jæren og ytst på kysten i Sør-Vest ser det ut til at frosten, klaken og austanvinden har herja langt meir med plantene enn me likar.
På dei mest utsette stadane kan me rekna med at særleg dei grunne raigrasrøtene rett og slett har tørka ut og dauda. Dette til tross for at bøndene har blitt stadig flinkare til å førebu enga for overvintring gjennom redusert haust-nitrogengjødsling og høgare stubb seinhaustes.
Det er dessverre ikkje berre vinterens herjingar som har laga trøbbel for landbruket. Me erkjenner at me lite kan gjera med vêr og vind. Andre føresetnadar vil me derimot skal vera så føreseielege som råd. Det er dei på langt nær nå med krig i Midtausten og Ukraina og ei uroleg tid som ikkje liknar noko dei fleste av oss har opplevd før. Endringar kjem rasande fort. Det kan til tider vera meir enn nok å førehalda seg til.
Bondevennen er ikkje kjent for svartmaling, sjølv om kjelvene akkurat nå er brune. Men at bøndene i tillegg denne våren må førehalda seg til ei mogleg prisauke på til dømes energi, mineralgjødsel og kraftfôrråvarer, likar me ikkje. Difor er det viktigare enn på lenge å lukkast med sjølvforsyninga gjennom godt og mykje heimeavla grovfôr.
Om klaken er vekke, kan det vera lurt å likevel ha litt is i magen. Det er framleis tidleg i mars, og normalt skjer det lite ute på jordene før påskehøgtida er over ei veke ut i april. Rådet om å spa opp og ta inn ei grastorv i lyset og varmen for å sjekka spireevna, gjeld framleis.
Å sikra gode grasavlingar på garden din i år kan bety tidleg i-såing av eitt- og toårig raigras. Det fungerer oftast godt om enga er gissen og det er råd å få frøet i kontakt med fuktig mold. Då kan du kanskje venta ei tørrstoffavling på kring 1.100 kilo per dekar. Pløying og etablering av nytt grasgjenlegg er også eit godt alternativ, men betyr som kjent redusert avlingsmengd i gjenleggsåret, kring 800 kilo tørrstoff på to slåttar. Om du kombinerer grasfrøet med 8-10 kilo bygg som dekkvekst, eller 10-12 kilo fôrerter, vil det løfta avlingane i gjenleggsåret.
Denne våren er det ekstra viktig å nytta seg av nettverket av rådgivarar og gode bondekollegaer. Det er ingen grunn til å gruvla åleine. Ver open. Søk råd, diskuter alternative løysingar og legg ein slagplan.
Då kan slåtten bli god.
DEI SISTE LEIARANE:
Er det greitt å sove i timen?
Stadig fleire forbrukarar vil ha økologisk mat. Då vert alternativet for mange å velje mat frå andre land. I Norge har me mellom anna underdekning på økologisk mjølk. Samstundes vel meierisamvirket å ikkje nytte all den økologiske mjølka som blir produsert som økologisk.
Teknologien gir – og krev ei offergåve
Den teknologiske ferda til landbruket er imponerande, men også kostbar på fleire vis. Frå 1800-talet med fjord- og fjellbruk på Sørvestlandet, har bøndene gjennom generasjonar gjort store investeringar i teknologi.
Kva er det eigenleg me vil ha?
«Dei bøndene syter og klagar uansett», kan ein høyre frå folk flest. Med si magre lommebok kjøper bonden seg likevel den gildaste traktoren, før han dreg med seg gjødselspreiaren inn til byen for å demonstrere.
