Bonde med livet som innsats

12. juni 2026 | Leiarar

 Jofrid Åsland Gilje

Endeleg betre velferdsordningar for bønder. Mange har ytra glede for at akkurat denne biten av jordbruksavtalen sikra betring for både bønder som får barn og har sjuke barn. Maksimalgrensa for tilskot til avløysing er også auka.

Ein kan undrast på at me skriv 2026 før slike framskritt kjem. Dei fleste vil truleg einast om at det er på høg tid. Historiene om bønder som ikkje får tak i avløysar, eller ikkje har råd til så mykje hjelp dei treng, er mange. Truleg vil ikkje dette nye løftet for bonden si velferd gjere biletet heilt rosa heller. Til det ligg landbruket for langt bak.

Det er tøffe tak. Ta lamminga til dømes. Bonden legg til rette for at alt skal gå bra, lammet skal få nok mjølk og tilknytinga til søya skal bli god. Men kva når bonden sjølv skal setje avkom til verda? Det kan fort vere mindre glamorøst.

Det er berre å bøye seg i støvet med det same. Kvinner i landbruket er råe! Nokon lurer kanskje på kor dei er. Landbruket er framleis mannsdominert, og kanskje er det fordi det er enklare å handtere bransjen som mann? I denne utgåva av Bondevennen får du historia til ei firebarnsmor. Ho er bonde, og måtte legge opp til ha med babyen på både fjøsstell og traktorkøyring. Ikkje fordi ho vil, men fordi ho må.

Det er dette som er å vere bonde med livet som innsats. Ein endar fort med å gi avkall på noko av det viktigaste i eige liv, for å stelle jord og dyr. Kan hende hadde det vore fleire kvinner i landbruket om det var enklare å kombinere rolla som mor med tittelen bonde. Uansett er det avgjerande for næringa at ein held trykket oppe for betre velferdsordningar.

Det er sant at bondevelferd og dyrevelferd heng saman. La oss håpe at betre ordningar gir fleire avløysarar og bønder som tek seg fri. Ein god avløysar på garden er kanskje den beste investeringa du gjer for deg og dine.

DEI SISTE LEIARANE:

Størst av alt er viljen

Størst av alt er viljen

Høg gjennomsnittsalder, få damer og utfordringar med rekruttering til bondeyrket har lenge vore tema for diskusjon. Statistisk sentralbyrå melder om stadig færre gardsbruk.

Fosforreglane må ta omsyn  til avlingane

Fosforreglane må ta omsyn til avlingane

Tid er meir enn berre pengar. Utsetjinga av innføringa av det nye gjødselregelverket med eitt år for å få reglane om balansegjødsling på plass, kan vonleg gi eit resultat som mange bønder er avhengig av.

Ikkje la mørket ta over

Ikkje la mørket ta over

Hausten har allereie endra grønt liv til visnande raudt og brunt. I heia er det vakkert. Toppen på lukke er krystallklar frisk luft, sol og saueflokkar på veg ned fjellsida. Det kan vere tungt å springe etter kreative sauer med eigne planar, men likevel: Det er fint å vere bonde ein haustdag i heia.