Mangel på respekt og bondevett

14. august 2026 | Leiarar

 Jofrid Åsland Gilje

Naturbeitemark blei ordet me seint vil gløyme frå sommaren 2026. I starten av juli skreiv Bondevennen om Gro Sevheim, som fekk eit varsel om oppheving av spreieareal frå Statsforvaltaren midt i ferietida. Bonden samanliknar varselet med eit slag i trynet. No er ho i harnisk, og stiller spørsmålsteikn ved heile kartlegginga som ligg til grunn for den moglege opphevinga.

Statsforvaltarens landbruksdirektør, Monica Dahlmo, og hennar stab har fått passet påskrive i dei fleste medium. Ho meiner me må ta konfliktar mellom gjødselbruk og naturmangfald inn over oss. Mange vil fremje meininga si i denne saka. Ein av dei er senterpartiets Geir Pollestad. Til Bondevennen seier han at dette kan minne om den gamle embetsstaten som er i ferd med å vekse fram. No vil han få stoppa den varsla opphevinga i Stortinget.

Kva står på spel? Ifølgje varslinga er det naturbeitemarka som står i fare for å døy ut dersom ein gjødslar med til dømes blautgjødsel. Bøndene dokumenterer at dei har drive med dagens praksis i generasjonar. Ein kan då undre seg over om mangfaldet er så trua. Ein ting er sikkert. Bøndene kjenner seg svært trua. Det er heller ikkje vanskeleg å forstå.

Bønder tek stor personleg risiko når dei investerer kvar ei krone dei har i gardsdrifta. At dei kjenner seg tråkka på av forvaltinga som sender eit varsel i staden for å invitere til dialog fyrst er forståeleg. Etter mykje munnhoggeri i media møttest partane til dialogmøte. Der fekk ikkje pressa komme inn. At landbruksministeren ikkje vil kommentere saka kan i beste fall oppfattast som arrogant. Samstundes gir det opposisjonen fritt rom til å slå politisk mynt på saka.

Finst det ei løysing utan taparar? Gardbrukar Jostein Eiane er ein av mange som har sendt lesarbrev til Bondevennen. Han løftar fram skjøtselsplanar som eit alternativ der ein kan verne naturbeitemark utan å oppheve spreieareal. Å utarbeide slike planar vil krevje eit omfattande arbeid, men kanskje ville ei slik løysing vere den beste prisen å betale. Ei løysing der landbruk og forvalting av naturen går hand i hand. Er det ønsketenking?

Bondevennen meiner at bonden alltid må behandlast med respekt. Saka kunne vore løyst smartare og smidigare. Forholdet til Statsforvaltaren har uansett fått seg ein knekk hjå mange bønder.  Me fryktar bråstopp i investeringsvilje hjå bønder, men håper det vil vere mogleg å løyse utfordringane med ein god dose bondevett.

PS.: Sensur av presse er alltid eit steg på vegen mot maktmisbruk.

DEI SISTE LEIARANE:

Bonde med livet som innsats

Bonde med livet som innsats

Endeleg betre velferdsordningar for bønder. Mange har ytra glede for at akkurat denne biten av jordbruksavtalen sikra betring for både bønder som får barn og har sjuke barn. Maksimalgrensa for tilskot til avløysing er også auka.

Er det greitt å sove i timen?

Er det greitt å sove i timen?

Stadig fleire forbrukarar vil ha økologisk mat. Då vert alternativet for mange å velje mat frå andre land. I Norge har me mellom anna underdekning på økologisk mjølk. Samstundes vel meierisamvirket å ikkje nytte all den økologiske mjølka som blir produsert som økologisk.

Teknologien gir – og krev ei offergåve

Teknologien gir – og krev ei offergåve

Den teknologiske ferda til landbruket er imponerande, men også kostbar på fleire vis. Frå 1800-talet med fjord- og fjellbruk på Sørvestlandet, har bøndene gjennom generasjonar gjort store investeringar i teknologi.