Er det greitt å sove i timen?
Jofrid Åsland Gilje
Stadig fleire forbrukarar vil ha økologisk mat. Då vert alternativet for mange å velje mat frå andre land. I Norge har me mellom anna underdekning på økologisk mjølk. Samstundes vel meierisamvirket å ikkje nytte all den økologiske mjølka som blir produsert som økologisk. Er ikkje det litt rart?
Internt i landbruket kan den økologiske debatten kjennast som eit vepsebol. Ein økologisk bonde må tole nokre stikk, seier den erfarne økobonden Kolbjørn Anda på Randaberg.
Mange ytrar at dersom matproduksjonen skal aukast kan ikkje alle drive økologisk. Dette argumentet blir fort litt overflødig. Me vil aldri kome i den situasjonen at alle driv økologisk, med mindre me kjem i ekstrem krise. I dag er knapt fem prosent av norsk jordbruksareal drive økologisk. Målet mot 2032 er at ti prosent skal vere økologisk. Dette vil framleis vere ein liten del av den norske matproduksjonen.
Å få nok økologiske produsentar vil truleg heller vere utfordringa. I denne utgåva av Bondevennen kan du lese om kor utfordrande det kan vere å få levert økologisk mjølk som økologisk. Marknaden går glipp av økologiske dropar som vert pumpa rett inn i den konvensjonelle mjølka til Tine. Grunnen er logistikk og økonomi.
Q-Meieriene har heller ingen planar om å nytte den økologiske mjølka som blir produsert i deira bakgard. Økologisk mjølk som i dag går i det konvensjonelle volumet. Det gir moglegheiter for nye aktørar som Kolonihagen. Dei har sidan starten på 2018 nytta dansk mjølk til sine produkt. No melder dei seg på i kampen om dei økologiske mjølkedropane.
Søv dei i timen? Eller er det ein klok strategi av dei to store innan norsk mjølk å la andre aktørar, inkludert import, mette den stadig aukande etterspurnaden etter økologiske meierivarer? For medan Rørosmeieriet aukar volumet kvart einaste år, gjer Tine det motsette. Det er svært interessant at det er så liten vilje til å
posisjonere seg inn i ein marknad i vekst.
Me skal produsere det marknaden etterspør blir det sagt. Då er det nokon som har sove i den økologiske timen.
DEI SISTE LEIARANE:
Størst av alt er viljen
Høg gjennomsnittsalder, få damer og utfordringar med rekruttering til bondeyrket har lenge vore tema for diskusjon. Statistisk sentralbyrå melder om stadig færre gardsbruk.
Fosforreglane må ta omsyn til avlingane
Tid er meir enn berre pengar. Utsetjinga av innføringa av det nye gjødselregelverket med eitt år for å få reglane om balansegjødsling på plass, kan vonleg gi eit resultat som mange bønder er avhengig av.
Ikkje la mørket ta over
Hausten har allereie endra grønt liv til visnande raudt og brunt. I heia er det vakkert. Toppen på lukke er krystallklar frisk luft, sol og saueflokkar på veg ned fjellsida. Det kan vere tungt å springe etter kreative sauer med eigne planar, men likevel: Det er fint å vere bonde ein haustdag i heia.
