Alt for Norge

9. september 2026 | Leiarar

 Jofrid Åsland Gilje

Valspråket til kongen er vakkert og stort. Slik det høver seg for ein konge. Kong Harald er død, og media har knapt skrive om anna. Det er sjeldan konge­huset figurerer i fagbladet Bondevennen sine spalter, men det har hendt.

Me kan kjenne at me er del av noko større når ein heil nasjon sørger saman. Dei færraste av oss har møtt kong Harald, men dei fleste kjenner bodskapen hans: Norge er for alle. Når livet er vanskeleg har kongefamilien vist oss at dei står samla. Det kan ein hauste lærdom av anten ein er for eller mot monarkiet.

Bøndene i sørvest kjemper kvart år om å levere dei første nypotetene til Kongen. Det er sjølvsagt ei ære å få levere mat til Kongen sitt bord. Dette er ingen usunn konkurranse, heller i den kuriøse enden. Det er bra med konkurranse, men me meiner samhald tronar høgare. Fordi me alltid kjem til å vere sterkare som eit lag enn kvar for oss.

I eit samfunn der individet får ekstremt mykje merksemd kan det verke gamaldags å love å tene fedrelandet ved hjelp av Gud den allvitande, slik vår nye konge har gjort. I ei verd der krig og klima heng over oss som store uvisse truslar, er det noko fint ved dei gamle tradisjonane. Det er viktig på fleire vis å huske kvar me kjem frå.

I Bondevennens spede start tok bønder tog med oksen sin til byen. Om slaktaren ikkje hadde behov for meir kjøt den dagen måtte bonden ta toget heim att. Verda har gått framover frå 1897. Bønder som arbeider saman har gitt resultat.

Landbruket leverer kvar dag mat til folket. Bøndene gir verkeleg alt for Norge. Mange kan nok kjenne på at dei gjerne skulle hatt betre rammer. Bøndene har stått saman og kjempa for rettar me i dag tek for gitt. Bonden treng ikkje ta
toget heim att med oksen på slep.

Vår nye konge har møtt nok av utfordringar, og tydeleg kommunisert at det er viktig å stå saman når livet er tøft. Me ynskjer han alt det beste i si kongsgjerning. I det triste finst det noko veldig fint me gjerne kan halde fast ved: La oss stå samla som nasjon, og som bønder. Her er det plass til alle, og saman er me sterkare!

DEI SISTE LEIARANE:

Mangel på respekt og bondevett

Mangel på respekt og bondevett

Naturbeitemark blei ordet me seint vil gløyme frå sommaren 2026. I starten av juli skreiv Bondevennen om Gro Sevheim, som fekk eit varsel om oppheving av spreieareal frå Statsforvaltaren midt i ferietida. Bonden samanliknar varselet med eit slag i trynet.

Sommarminna bleiknar aldri

Sommarminna bleiknar aldri

Det kjennest som ein augneblink. Våren var akkurat her og gjorde verda ljos. Så, vips, er sommaren på plass med lauvtunge tre og frodige grøne enger.

Bonde med livet som innsats

Bonde med livet som innsats

Endeleg betre velferdsordningar for bønder. Mange har ytra glede for at akkurat denne biten av jordbruksavtalen sikra betring for både bønder som får barn og har sjuke barn. Maksimalgrensa for tilskot til avløysing er også auka.