Engasjert med æresdiplom: Grunnlaget for engasjementet og alle verva handlar om å få noko til å skje. Bente Gro Milwertz Slettebø liker å vere del av noko som er større enn seg sjølv. I sommar fekk ho Norges Bygdeungdomslag sin æresdiplom, og vil alltid vere bygdeungdom i hjarte.