Ikkje la mørket ta over
Jofrid Åsland Gilje
Hausten har allereie endra grønt liv til visnande raudt og brunt. I heia er det vakkert. Toppen på lukke er krystallklar frisk luft, sol og saueflokkar på veg ned fjellsida. Det kan vere tungt å springe etter kreative sauer med eigne planar, men likevel: Det er fint å vere bonde ein haustdag i heia. Me skriv sjølvsagt om sauesanking denne gongen.
Bondelivet er tett på årstider og livet sjølv. Det er vakkert, men også tøft. Me veit ofte kva som kjem. Etter slåtten kjem slakting, og klargjering til vinteren. Når fôret er berga er det greitt å sikre at maskinar, dyr og bygg er klare for kalde gufs. Her finst triks, prognosar og tips å ty til – men av og til opererer livet heilt utanfor dei vante mønstera.
Nokre gonger skjer det me trudde aldri skulle skje oss. Denne gongen får du ei sterk historie, og om du ikkje vil lese er det greitt, men me trur alle har godt av ei oppvakning av og til. Historia om familien Rode som brått får livet snudd opp ned, med to alvorleg sjuke barn, er ei slik historie.
Det er lett å klage i kvardagen. Me kan klage på vêret, dieselprisar, politikarar og ønske oss betre betalt. Likevel er dei fleste nokså heldige om me tenker etter. Dei fleste slepp å oppleve at barna blir alvorleg sjuke. Det å miste eit barn må vere så ufatteleg trist. Kjensla er umogleg å sette seg inn i for folk flest.
Familien Rode deler usminka frå livets mørke, og skildrar korleis garden midt i alt det vanskelege var noko samlande. Det finst lite meining å spore i slike harde tak, men det finst likevel lærdom å hauste: Stå samla, finn ljose punkt og ta imot all hjelp du kan få. Det finst hjelp, også i dei tøffaste stunder. Mørket kan vere der, men det må ikkje få ta over.
DEI SISTE LEIARANE:
Størst av alt er viljen
Høg gjennomsnittsalder, få damer og utfordringar med rekruttering til bondeyrket har lenge vore tema for diskusjon. Statistisk sentralbyrå melder om stadig færre gardsbruk.
Fosforreglane må ta omsyn til avlingane
Tid er meir enn berre pengar. Utsetjinga av innføringa av det nye gjødselregelverket med eitt år for å få reglane om balansegjødsling på plass, kan vonleg gi eit resultat som mange bønder er avhengig av.
Alt for Norge
Valspråket til kongen er vakkert og stort. Slik det høver seg for ein konge. Kong Harald er død, og media har knapt skrive om anna. Det er sjeldan kongehuset figurerer i fagbladet Bondevennen sine spalter, men det har hendt.
















