
Gir gass: Vegard Lode konstaterer at biogassanlegget hans fungerer etter oppskrifta. Anlegget starta opp i juli og skal i hovudsak fôrast med 6.000 tonn blautgjødsel frå garden sine griser og storfe. Det gir ein årleg produksjon på kring 700.000 kilowattimar i året.
Bygde biogassanlegg for 20 millionar kroner
Vegard Lode meiner det er betre økonomi i å produsera biogass på eigen gard enn å levera gjødsla til eit større industrianlegg. Nærbø-bonden reknar med at investeringa skal vera nedbetalt i løpet av ti år.
Sjur Håland
26-åringen tok over Lode gard ved siste årsskiftet og har alt rokke å setja synlege spor etter seg. Mor, May-Britt Lode, leiger mjølkeproduksjonen på bruket og kjøper grovfôret frå Vegard. Han driv med slaktegrisproduksjonen, maskinparken og sjølve jordbruksdrifta med 600 mål jord, der han dyrkar gras og korn. Engasjementet for biogass har ført til at han frå 1. oktober byrja i ei halv stilling som seljar for GreenFarm med ansvar for Sørvestlandet. I tillegg skal han vera byggeleiar på lokale prosjekt.
Allereie digital abonnent?
Logg inn her
Sjå veiledning for korleis du bytar passord.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.




