Bøndene blir færre. Noreg har ifølge Landbruksdirektoratet att berre 36.299 bruk med jordbruksareal i drift. Det er 375 færre enn i fjor, og snaue 2500 færre enn i 2017. Raskast går det ned i Troms, Nordland, Agder og deler av Innlandet. Men i samtlege fylke forsvinn bøndene.

Rogaland er ikkje noko unnatak. Fylket har nokre av dei beste føresetnadane for matproduksjon. På berre ti prosent av landets jordbruksareal produserer bøndene her 16 prosent av storfekjøtet, 18 prosent av mjølka, 21 prosent av sauekjøtet, 26 prosent av egga, 28 prosent av slaktekyllingen og 29 prosent av svina. Ja, og nesten alle tomatane. Matfylket med stor M, altså.

Og likevel, her òg blir det lengre mellom bøndene. Og lengre skal det bli, skal me tru det bøndene har svart i ei fersk undersøking, gjennomført av den lokale Landbrukspartnarskapen, og omtalt i Bondevennen i førre veke.

Førti prosent av dei vel 4000 bøndene i fylket deltok. Dette ser dei føre seg i dei komande 15 åra: Ein tredel av smågrisprodusentane og ein fjerdedel av dei med slaktegris vil truleg gi seg. Ein tredel av mjølkebøndene likeså.

Mindre pølse og mjølk, med andre ord? Nja, tida vil visa. Trenden til no har jo vore at dei som er att blir større. Men der produksjonen forsvinn blir bygdene tommare og stillare.

Men medan husdyrproduksjonen går usikre tider i møte, er interessa aukande for såkalla nye næringar. For om rogalandsbøndene gjer alvor av svara sine, blir det 80 prosent meir frukt og bær, nesten 45 prosent meir frilandsgrønsaker, og veksthus og tunnel-produksjonen skal opp 60 prosent.

Også Inn på tunet-tilbodet veks med over 200 prosent. Ikkje til å bli direkte mett av, men behovet i samfunnet er definitivt der – som også bondens behov for fleire inntektskjelder.

Noko er så definitivt i gjære. Er drivaren dårleg lønsemd, lausdriftskrav, arbeidsmengd? Eller ei taktisk omstilling for å møta meir-grønt-mindre-kjøt-trenden? Truleg ein kombinasjon.

 Ingen veit nøyaktig kva morgondagen vil bringa, men for første gong er kunnskapen om rogalandsbondens framtidstankar samla. Og dei tankane bør vekka debatt. Framover kan ingen seia at dei ikkje ante kva veg det gjekk. Me sluttar oss til landbruksdirektør Geir Skadberg si oppmoding:

– Alle som vil landbruket vel, må halda seg til signala som no er gitt.

Bothild Å. Nordsletten