Bra, meiner Bjørn Gimming. Eit løft for mange produksjonar, ikkje minst mjølk. Jau, bondelagsleiaren er nøgd med årets jordbruksavtale. Og til NRK forsikrar han om at dei 4,15 milliardane framforhandla kronene faktisk vil hamna på bøndenes kontoar.

«Tidenes magaplask», repliserer ein sjokkert Tor Jacob Solberg, leiar i Bonde- og Småbrukarlaget. Han avfeiar dei 110.000 kronene i mogleg inntektsvekst per årsverk som «luftpengar» og meiner Gimming har signert for eit aukande gap mellom bønder og andre.

Ja, så diametralt ulikt er det mogleg å oppfatta status i norsk jordbruk. Den eine sida kan argumentera godt for at glaset er halvfullt – den andre kan med ettertrykk hevda at det snart er tomt.

Forvirrande? Ja. For visst er det lett å undrast over eit Bondelag som krev sju milliardar ut av naudsyn, men som så seier seg nøgd med fire. Likeeins er det ikkje rart folk stussar over dei mange bøndene som ikkje får det til å gå rundt, trass i at løyvingane over statsbudsjettet har auka frå 17 til 27 milliardar kroner på berre to år.

Har jordbruksoppgjeret, forhandlingsinstituttet – ja, heile jordbrukspolitikken – blitt ein karikatur på seg sjølv? Det er freistande å dra den slutninga. Om det då ikkje stod så mykje på spel. For bøndene sin del, som for heile nasjonen.

Somme meiner årets avtale var eit steg i rett lei. Andre at det var ein tapt moglegheit. Skal næringa vinna fram er det uansett viktig at dei to faglaga held fast på det dei faktisk er samde om: At stoda er kritisk, lønsemda dårleg, at dei til saman tel berre 37 000 matprodusentar, at rekruttering er vanskeleg – og at det hastar.

I tillegg tykkjest dei fleste å vera samde om at Hurdalsplattforma lovar godt. Ein opptrappingsplan og eit riktig talgrunnlag for komande oppgjer, slik regjeringa erklærer, må difor koma på plass snarast.

For så uavklart som stoda er nå, er det ikkje ein gong sikkert at forhandlingsinstituttet overlever eit regjeringsskifte.

Men kva så?

Bothild Å. Nordsletten

Stikkord denne saka: