Planlegg nå

23. august 2024 | Leiarar

Bothild Å. Nordsletten

Ubuntu. Eg er fordi vi er. I kjernen av den sør-afrikanske leveregelen ligg nærvære, samhald, respekt og audmjuke. Først og fremst mellom menneske. Men i vår naturfjerne tid blir omgrepet alt oftare halde fram som eit prinsipp for korleis kvar og ein av oss burde forhalda seg til alt anna som også held oss i live: Fotosyntesen. Vatnet. Vinden. Meitemakken.

Eg er fordi alt og alle desse andre er.

Eller, alt heng saman med alt som me plar seia. Og dermed – som du sår, skal du hausta.

Dette veit bonden alt om. Og nå er det haustetid.

Når årets avlingar jamt over ser ut til å ha blitt bra, er det likevel ikkje berre takka vera sola, klorofyllet og regnet. Mykje av grunnlaget for grøda og nytt liv kjem av sesongars kyndige agronomi og gode planar.

Ein av fagartiklane frå Norsk landbruksrådgjeving denne veka handlar om nettopp dette: Om alt du kan gjera alt nå, for både å spara tid – og legga til rette for eit betre resultat neste år. (Sjå artikkelen her.)

Som å gå ut og inn i landskapet du er del av. Reparera gjerde. Rydda åkerkanten. Ta ugraset. Kalka jorda, som så vil løna deg med ennå større avling neste sommar. Takka stareflokken for dei gratis dropane med næring.

Nyt for all del fruktene av alt arbeidet du har lagt ned i år, men sjå også framover. Legg planar for det du vil at skal koma.

Så enkelt. Så krevjande. Men òg så klokt.

Om neste år kjem med flaum, tørke, kulde eller hagl, er det sjølvsagt lite du kan gjera med det. Like lite som du aleine kan syta for optimale politiske og økonomiske rammevilkår. Og uføresette ting skjer, uansett kor dyktig du er, uansett kor mange faktorar planen din tar høgd for.

Og like fullt må du prøva igjen. Gjera ditt beste på lag med alle og alt som held oss her. Haustregnet, naboane, såfrøet og makkane. Å legga planar er å tru på framtida.

God lesnad. God haust.

DEI SISTE LEIARANE:

Rydd opp i målkonfliktane

Rydd opp i målkonfliktane

Vegen mot det robuste lågutsleppssamfunnet er strødd med målkonfliktar. Dei trugar med å punktera visjonen om ei betre framtid.

Riktig å reforhandla

Riktig å reforhandla

Sjølv den mest krampepositive sørvestlending bør nå innsjå at me ikkje kjem i mål med landbruket sin klimaavtale innan 2030.

Fagbrev nå

Fagbrev nå

Det er langt frå rikmannsklubben i Davos, NHO-møtet i Oslo og Sola-møtet til bondemønstringa på Varhaug. Felles for desse faste januararrangementa er likevel at dei prøver å analysera status og å seia noko viktig om vegen fram.