Forbrukarvinden snur
Sjur Håland
«Mat må vi ha», sa statsminister Jonas Gahr Støre, då han nyleg var innom FKRA sin kraftfôrfabrikk og fekk med seg ein pakke frukostblanding til å setja på kjøkkenbenken heime i statsministerbustaden.
At Støre, som har øvste ansvar for Totalberedskapsmeldinga som nyleg vart lagt fram, brukar det litt slitne mat må vi ha uttrykket og har skjønt verdien av bønder og norskprodusert mat, er ein ting. Minst like gledeleg og enda meir viktig er det at forbrukartrendene her til lands nå også kan synest å peika i ein retning som er tilpassa gras- og beitelandet vårt og slik matproduksjonen vår elles er rigga.
I starten av det nye året, kan me konstatera at mykje går betre i norsk landbruk. Frisk mjølk fløymar for eksempel ut i ein marknad, som nett no kan synest umetteleg.
I rekka av slitne ord med ny aktualitet, finn me den om at verda er uroleg. Norske forbrukarar har fått råd om eigne beredskapslager med havregryn, vatn, fyrstikker og dopapir. Alvoret kan sjå ut til å ha ført til endringar. Forbrukarane er meir opptekne av lokalprodusert kortreist mat og sjølvberging. Av norskprodusert meir eller mindre tradisjonell bondekost. Nå er det det trygge, føreseielege og konservative som gjeld.
I ein artikkel i vekas Bondevennen oppmodar matforbruksforskar Annechen Bahr Bugge bøndene om å smi mens jernet er varmt. Nettopp det er me overtydde om at bøndene her i Sør-Vest vil gjera i året som kjem. For stadig færre nordmenn ønskjer å redusere kjøtforbruket sitt, og fleire enn før meiner at kjøt er både sunt og reint. Slikt er gull for norske bønder som har argumentert for det same – for tilsynelatande døve øyre dei siste åra.
Frukt og grønt, norskprodusert sjølvsagt, høyrer absolutt med i eit variert kosthald. Den såkalla veggistrenden ser likevel ikkje ut til å gripa om seg. Talet på vegetarianarar her i landet ligg stabilt på to prosent.
Kjøterstatningane, som verkeleg skremde mange norske kjøtprodusentar då dei vart lansert, sel dårleg. Dei nye kosthaldsråda tilrår 350 gram raudt kjøt i veka. Det faktiske forbruket ligg på 655 gram.
At forbrukarane held seg til dei norske mattradisjonane, lovar godt for landbruket. Tal og trendar kan av og til heldigvis vera hyggeleg lesing. Som tala frå forbruksforskingsinstituttet SIFO, som har funne at 43 prosent av forbrukarane la vekt på at maten var norskprodusert i 2015. Åtte år seinare hadde talet auka til 52 prosent. Mykje tyder på at denne auken vil halda fram. Så står det att å sjå om dei politiske rammene rundt matprodusentane er rigga slik at bøndene finn det tenleg og lønsamt å vera med vidare. Medan bøndene, i tillegg til sin daglege dont, riggar seg for komande vekstsesong, er det kanskje fleire grunnar enn før til å kjenna på både optimisme og framtidstru. Og til å følgja rådet i det gamle uttrykket om jernet som er raudglødande.
Då kan det vera lurt å smi.
DEI SISTE LEIARANE:
Stein på stein
På toppen av det nye året er det ei glede å vera vitne til oppdrifta i jordbruksnæringa. Ungdom som satsar på fjørfe, på gris og ikkje minst på mjølk.
Julenissen, hugs Rogaland!
Rogalandsbonden kjem langt med sitt sagnomsuste pågangsmot, men han lyt òg ha pengar.
Ta eigarskap til jorda
Halve den norske jordbruksjorda er nå leigd, ikkje eigd. Den jorda som ikkje er eigd av dei som driv henne sjølv har auka jamt og trutt over dei siste tiåra. SSB har sett på tala, som er omtalt av avisa Nationen.



