BN+

Snart slutt: Når restlageret er selt, blir det heller ikkje i Rogaland og Agder lenger råd å få tak i AN-gjødsel der meir enn 28 prosent av nitrogenet er i form av ammoniumnitrat. Frå venstre: Arne Stangeland, Gjødsel AS, Oddbjørn Lobekk, Fiskå Mølle, Jens Randby, FKRA, og Gunvor Hoff og Kenneth Vik frå Rogaland brann og redning IKS.


Dei tre gjødselvareleverandørane i Rogaland har valt å slutta å importera og selja gjødsel der meir enn 28 prosent av nitrogenet er ammoniumnitrat.


Sjur Håland


AN-gjødsla med høgt innhald av ammoniumnitrat (i praksis 34,4 prosent) har vore ei prisgunstig nitrogengjødsel. Ho har vore veleigna og mykje nytta i Rogaland til grasgjødsling i kombinasjon med husdyrgjødsel. Fiskå Mølle, Gjødsel AS og Felleskjøpet Rogaland Agder har alle hatt denne gjødsla til kundane sine. Nå har dei tre konkurrentane snakka saman.


– Me er og skal vera konkurrentar. Men nett i dette tilfellet var det naudsynt å finna saman og bli einige. Dette handlar om tryggleik for både oss og kundane våre, understrekar driftsleiar i Fiskå Mølle, Oddbjørn Lobekk, til Bondevennen.

Eksplosjonsfarleg

Nå er det stopp. Gjødsla blir ikkje lenger teken inn. Restlageret skal seljast ut. Dei tre aktørane sluttar seg med dette vedtaket til gjødselvaregrossistar i resten av landet, som alt for fleire år sidan kutta ut denne typen AN-gjødsel frå sine sortiment.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: