
Dialog: – Me må bruke mindre pengar på store vegprosjekt, og i staden prioritere vegar i distrikta, sa Marte Hammer (SV) som starta paneldebatten om flaskehalsar på vestlandsvegar. Spleiselag der staten deltek, vekte entusiasme i alle parti.
Flaskehalsar på kommune- og fylkesvegar gjer det ekstra tungvint for vestlandsbonden. Når tømmerbilen må køyre sju turar for å fylle opp hengjaren, blir det kostbart både for miljøet og lommeboka.
Anne Rivenes, frilansjournalist
– Det finst flaskehalsar på 100 prosent av dei kommunale vegane i Vestland, seier Helge Kårstad i Kystskogbruket.
Han forklarer at ein flaskehals kan vere svake punkt i vegar og bruer, vanskeleg kurvatur eller mangel på møteog snuplassar.
Landbruksråd Vestland inviterte nyleg kandidatar til stortingsvalet til dialogmøte på Byrkjelo og på Voss, for å vise alvoret som flaskehalsane utgjer for landbruksnæringa.
Logg inn for å lese
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.