BN+

Motivert og modig: Som fersk styreleiar i Tine SA har Marit Haugen kasta seg inn i debatten om mjølkekvotar, overproduksjon, aukande import, og skeive mjølkekurver. Foto: Håvard Zeiner


Utfordringane står i kø når Marit Haugen tek fatt på sin første periode som styreleiar i Tine.


Liv Kristin Sola


Marit Haugen overtek som leiar av konsernstyret i Tine SA, etter at Trond Reierstad takka nei til attval i forkant av årsmøtet i april.


– Ei ære å bli spurt og ei tillitserklæring å bli vald, seier den ferske styreleiaren.


Ho er budd på lange arbeidsdagar, mange bekymringar og søvnlause netter, men ser også fram til å jobbe fram gode resultat i lag med andre.


– Når dagane vert som svartast skal eg hugse den varme applausen og heiarop frå heile landet - og ikkje minst løfte om samarbeid og støtte, seier Haugen.


Men kvifor ville ho bytte ut fjøsstøvlane heime på Beitstad i Steinkjer med pendling til Tine-bastionen i hovudstaden?


– Avgjersla var ikkje enkel. Juleferien vart nytta til å tenke gjennom om vervet som styreleiar i Tine kunne foreinast med eit godt liv på heimebane – for heile familien, seier Haugen.


Ho innrømmer å bli gira av samarbeid, av å drive fram prosessar og få til ting i lag med andre. Så då både barna, mannen, og kårfolket sa ja, kunne ho ikkje la utfordringa gå frå seg. Så langt har ho ikkje angra.

Styrken i fellesskapet

Den ferske styreleiaren merka seg det ho kallar ei haldningsendring under årets årsmøte i Tine.


– Haldninga er snudd frå å tenke kva Tine kan gjere for bonden, til kva bonden kan gjere for fellesskapet. Det var ein styrke i årsmøtet, seier Haugen.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her


Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: