BN+

Fekk dekt saneringa likevel: Tommy Horpestad stussa då forsikringsselskapet ikkje ville betala for saneringa etter ringorm-utbrotet. Med hjelp frå Bondelaget fekk han Gjensidige til å snu. Foto: Sjur Håland


Tommy Horpestad reagerte på at forsikringa hans ikkje dekte saneringskostnadane etter ringorm-smitte i fjøset. Med draghjelp frå Bondelaget fekk han Gjensidige til å snu.


Jane Brit Sande


I juli 2020 oppdaga Live Horpestad, kona til bonde Tommy Horpestad, eit karakteristisk utslett på nokre av kyrne. Veterinær vart kontakta, og allereie neste dag var prøvane postlagde.


– Det gjekk jo som me frykta: fire av kring 100 dyr hadde ringorm. Framleis veit me ikkje korleis me fekk smitten inn i fjøset, seier Horpestad til Bondevennen.


Garden ligg på Horpestad i Klepp kommune på Jæren, der husdyrbruka ligg tett.


– Eg var streng med smitteslusa før, og er berre blitt strengare etter me fekk smitten. Me kjem til å gjere tiltak for å halde folk ute av fjøset, seier han.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her


Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: