Kjell Åge Torsen
Foto: Privat

Leiar i Rogaland Sau og Geit oppmodar sauebønder til å løfte slaktekvaliteten på lamma.

Jane Brit Sande

Kjell Åge Torsen, leiar i Rogaland Sau og Geit (RSG), er uroa for at sauebønder sender lam av dårleg kvalitet til slakteria.

– Det er for mykje lam i klasse P. Før jul var det snakk om 5000 lam av denne kvaliteten på lager. Kva som er status no, veit eg rett nok ikkje. Uansett er det ikkje lukrativt for næringa, seier han til Bondevennen.

Rogaland Sau og Geit vil jobba for at prisen på lam av dårleg kvalitet blir pressa ned. Slakteria føretrekk lam med slaktevekt mellom 18 og 23 kilo.

– Klasse P tyder på at lamma blir slakta for tidleg, og er dårlege i hold. Me i RSG vil at prisen på P-lam skal vere maks ti kroner per kilo. Me må sikre kvalitet på lamma, seier Torsen.

Følg med på lamma i sommar

Torsen oppmodar sauebønder til å ha målretta merksemd på å løfte slaktekvaliteten på lamma.

– Følg nøye med på tilveksten på lamma i sommar. Ta til sides dei som treng ekstra fôring og oppfølging. Hald att lam på hausten, om du må. Plukk ut dei små lamma, og fôr dei opp så lenge som naudsynt, seier han.

Lam på lager

Torsen uroar seg for at lammekjøt ikkje finn vegen til butikkane.

– Men kvar stoppar det, hjå slakteria eller kjedane, spør han retorisk.

Fylkesleiaren fryktar at den låge prisen på sauekjøt set kjeppar i hjula for salet av lammekjøt, som no tar plass på reguleringslagera. I veke 24 var det over 2000 tonn lammekjøt på lager – meir enn det dobbelte enn på same tid i fjor. I august byrjar sauebønder å senda lam til slakt.

– Eg er ikkje i tvil. Prisen på sauekjøt må opp, slår Torsen fast.  

Stikkord denne saka: ,