Ein del av taket vrengte seg, og Joveig og Jo frykta det ville bli tatt av vinden. Ein nabo kom bort med ein siloball og la på taket.

Ein del av taket vrengte seg, og Joveig og Jo frykta det ville bli tatt av vinden. Ein nabo kom bort med ein siloball og la på taket.

Joveig og Jo Obrestad merka godt stormen som herja Sør-Norge andre veka i desember. Både grisehus og leikehytte fekk seg ein trøkk.

Jane Brit Sande

Både vindstyrke og vindretning frå nord gjorde utslaget då vinden trefte garden til Joveig og Jo på Obrestad på Nærbø. Grisehuset, som blei bygd på 1970-talet, fekk verkeleg gjennomgå.
– Heldigvis var det berre materielle skadar vinden påførte oss, fortel Joveig og Jo – tydeleg letta. Dei er i gong med ryddinga i gardstunet, dei sterke naturkreftane har sett sine spor.
– Vinden kom frå nord, og danna eit undertrykk som reiv taket opp, forklarer dei. – Berre ein kilometer frå garden vår, blei vindstyrken målt til 43,6 m/s – godt over orkan i styrke.

Kjapp omorganisering

Joveig og Jo er med i Brekkå purkering, og har satelittbesetning. 30 purker og 65 smågris måtte flyttast då taket blei revet opp. Leiar i Brekkå Purkering, Tommy Hadland, og Nortura var til god hjelp då flyttinga skulle organiserast. Rundevold Transport sto for flyttinga.
– Det tok ikkje meir enn tre til fire timar før alle dyra var flytta, fortel dei. Purkene blei flytta til andre med satellittbesetning, og slaktegrisprodusentar tilknytt purkeringen tok imot smågrisene. Verken folk eller dyr blei skada, så slik var me veldig heldige. Dei materielle skadane kan fiksast på, og er ikkje uerstattelige.

Kunne vore verre

Det var ikkje berre grisehuset til Joveig og Jo som fekk smaka på nordavinden. Garasjen, som står like ved grisehuset, fekk seg ein smell frå ei takplate som løsna, leikehytta velta overende, og vindauget i verandadøra knuste.
– Me reknar med at me skal få taket på grisehuset tett før jul, og at me er i gong i grisehuset i tide til neste pulje med purker som kjem i slutten  av januar. Men førebels har me ikkje oversikt over eventuelle skadar på det elektriske anlegget, me fryktar litt for fôringsanlegget, summerte Joveig og Jo opp. – Men alt i alt, var me heldige sidan det berre var materielle skadar, og me er utruleg takksame for hjelpa frå både Nortura, purkeringen, gode naboar og transportselskapet.

 

 

 

Stikkord denne saka: ,