Viktig for beredskap: Stortinget har sett eit mål om ti prosent økologisk areal innan 2032. EU har eit tilsvarande mål om 25 prosent. Beredskap er eit viktig argument for satsinga. Foto: Istock / PeopleImages
Frå overskot til mangel
På to år har overskot av økologisk mjølk blitt til mangel. Likevel går 20 prosent av økomjølka framleis i det store konvensjonelle volumet.
Liv Kristin Sola, skribent
Stor vekst i etterspurnaden etter økologisk mjølk har ført til underskot i marknaden. Men sjølv om det er mangel på økologisk råvare blir berre 80 prosent av den debiogodkjende mjølka nytta som økologisk av meieriindustrien.
Ei suksesshistorie
På to år har bruken av økologisk mjølkeråvare auka frå 60 til 80 prosent av det totale volumet som blir produsert. Dei resterande 20 prosent går i det konvensjonelle volumet fordi bruka ligg for langt vekk frå dei anlegga som kjøper økologisk mjølk.
Tine oppmodar bønder frå Østfold i sør til Trøndelag og Møre i nord om å legge om til økologisk drift. Samstundes opplever mjølkeprodusentar i resten av landet å produsere debiogodkjend mjølk som går rett i den konvensjonelle varestraumen. Tine har sagt opp kontrakten med produsentane i nord og i sørvest som mister meirprisen frå Norsk melkeråvare. To område kor det framleis er klynger med økologisk volum.
«Samstundes veit vi at det finst to klynger med tilgjengeleg mjølk i som kunne vore nytta på relativt kort tid.»
Kari Marte Sjøvik
Det finst mjølk
Leiar i Økologisk Norge, Kari Marte Sjøvik, er nøgd med at både statens pristilskot og avtaletilskotet frå Norsk Melkeråvare har auka det siste året. Men ho saknar ei meir offensiv satsing og tilskot som vil gjere det meir attraktivt for konvensjonelle bønder å velje å legge om til økologisk.
Kari Marte Sjøvik Foto: Malin Longva, Økologisk Norge
– Vi er nøgde med at vi fekk auke det økologiske pristilskotet med femten øre per liter, noko som er svært viktig for å styrke økonomien til dei økologiske mjølkebøndene. Men dersom vi ønsker økologisk produksjon over heile landet må det også lønne seg over heile landet, seier ho, og legg til:
– Auka tilskot løyser dessverre ikkje volumbehovet på kort sikt. Samstundes veit vi at det finst to klynger med tilgjengeleg mjølk i som kunne vore nytta på relativt kort tid, seier ho.
Økologisk mjølk per landsdel: Volum økologisk mjølk levert per landsdel frå 2001 til 2025 målt i mill. liter. Frå 2017 er Sørlandet og Vestlandet slått i hop. Frå og med 2025 mista økologiske mjølkebønder i nord tillegget frå Norsk melkråvare. Kjelde: Norsk melkeråvare, 2026a/Landbruksdirektoratet.
Konkurranse om ein knapp ressurs
All økologisk produksjon skjer i dag anten på eit av Tine sine fire anlegg på Austlandet og i Trøndelag, hjå Rørosmeieriet, samt eit mindre volum hjå Kolonihagen/Det Norske Meieri på Lillehammer. Ferdige produkt må fraktast tilbake til marknaden over heile landet. For Sjøvik blir det vanskeleg å forstå samvirket si prioritering.
– Tine har anlegg over heile landet. Dei kunne starta tapping av drikkemjølk i Rogaland og i Nordland kor det er produsentar og kor det inntil nyleg var tappelinjer for økologisk mjølk, seier ho.
Ei slik tilpassing ville auka volumet av økologisk drikkemjølk som det er mest trykk på, og samstundes auka det totale volumet av tilgjengeleg økologisk mjølkeråvare.
– Men skal det skje, må det kome ein tydeleg beskjed til marknadsregulator Tine, seier Sjøvik.
– Kan det kome eit slik politisk krav til marknadsregulator?
– Eg er redd det ikkje vil skje. Men etter mi meining er det den einaste moglegheita om vi skal ta vare på den økologiske mjølka over heile landet. Det er nettopp dette som skil samvirke frå andre aktørar, at dei har eit samfunnsoppdrag med å sikre mottak og produksjon over heile landet, seier Sjøvik.
Q – ingen planar om økosatsing
Kristine Aasheim i Q-Meieriene seier dei følger utviklinga av økologisk mjølk og meieriprodukt tett og at ho er imponert over Rørosmeieriet sin vekst på gode produkt. Sjølv har Q per i dag ingen planar om å satse på økologisk.
– Q-Meieriene er eit forbrukardrive meieri som ønsker å utfordre det etablerte med nye og relevante meieriinnovasjonar. Me har blitt kontakta av forbrukarar om å lage økologiske produkt, men ideomfanget er større på andre innovasjonar basert på norsk mjølk, seier ho.
«… ideomfanget er større på andre innovasjonar basert på norsk mjølk.»
Kristine Aasheim
Trass i at den konvensjonelle mjølka fekk seg ein omdømmeknekk under metanhemmardebatten i fjor haust, er Q-sjefen overtydd om at det finst eit stort innovasjonspotensial på produkt og emballasje basert på det ho kallar «det kvite norske gullet». Uavhengig av om det er økologisk eller konvensjonell norsk mjølk.
– Etter knekken i fjor haust ser me no ein flott vekst for alle meieriprodukt i første halvår 2026, seier Q-sjefen.
Reindyrka konvensjonell: Q-sjef Kristine Aasheim har ingen planar om å kaste seg på øko-trenden. Ho trur det er store moglegheiter for innovasjonar òg for konvensjonell mjølk i åra som kjem.
«Alle» vil ha økomjølk
Trond Lund ved det heiløkologiske Rørosmeieriet har i fleire år åtvara om mangel på økologisk mjølkeråvare. Og i fjor på denne tida var det nettopp Lund som varsla om at etterspurnaden var langt høgare enn tilgangen til råvare.
Samstundes har Kolonihagen meldt seg på i kampen om den norske økomjølka. Kolonihagen har i dag mesteparten av sin produksjon ved det økologiske Thise Meieri i Danmark. Nyleg tok dei heim yoghurt naturell som dei produserer ved Det Norske Meieri på Lillehammer. Men mangel på råvare gjer at dei får eit svært avgrensa volum av mjølkeråvare.
– Den gode meldinga om at Kolonihagen vil flagge produksjonen sin heim til norsk mjølk legg ytterlegare press på volumet, seier Sjøvik.
«… at Kolonihagen vil flagge produksjonen sin heim til norsk mjølk legg ytterlegare press på volumet.»
Kari Marte Sjøvik
Må nytte heile volumet
Sjøvik meiner Tine, som samvirkeorganisasjon med eit samfunnsoppdrag og med anlegg over heile landet, i større grad kunne legge til rette for betre utnytting av det økologiske mjølkevolumet.
– Tine kunne vald å tappe konsummjølka si i Rogaland eller i Nordland kor det er tilgjengeleg økologisk mjølk. I staden vel dei å konkurrere med Rørosmeieriet og no også Kolonihagen. I staden importerer vi økologiske meieriprodukt, blant anna via Kolonihagen, seier ho.
Fram til 2024 vart det tappa økologisk mjølk i Harstad og i 2025 vart det slutt med å tappe økologisk mjølk på Sola i Rogaland.
Kampen om øko-dropane: For ti år sidan vart det levert 50 millionar liter økologisk mjølk. 30 av dei vart nytta som økologisk i verdikjeda, likt fordelt mellom Tine og Rørosmeieriet. I 2025 vart det levert 43,4 millionar liter økomjølk, og salet auka til rekordhøge 35 millionar liter. 27 millionar frå Rørosmeieriet. Foto Istock/Olga Skred.
Mental omlegging
Å legge om til økologisk produksjon er ikkje gjort frå ein dag til den neste. Sjøvik minner om at det er ein lang prosess både mentalt og praktisk. Og det krev ny kunnskap og motivasjon. Dessutan må bonden kunne stole på at dei har ein langsiktig kontrakt om levering. Erfaringa frå Sørvest og Nord viser at det ikkje plent er til å stole på.
Les òg artikkelen:
Produksjon med usikker framtid
Les òg artikkelen:
For små volum
Les òg artikkelen:



