BN+

Rekordar og tap: I vest bognar frukttrea, og det er venta ny eplerekord. I aust er historia ein annan. Omfattande frostskadar har tatt knekken på tusenvis av frukttre. Særleg epleproduksjonen er hardt råka. Illustrasjonsfoto: Liv Kristin Sola


Medan fruktprodusentane i vest siktar mot nye avlingsrekordar, opplever dyrkarane i aust store skadar etter vinterfrosten.


Jane Brit Sande


Bondevennen har snakka med fleire fruktpakkeri og fruktlager i Hardanger, Ryfylke og Telemark om stoda i fruktproduksjonen i år. I fjor var det skrint for fleire kulturar, då det kom frost i blomstringa og rognebærmøll gjorde stor skade på frukta. I år er stoda heilt annleis – i alle fall i vest.


– Det er utruleg kjekt at me får eit godt avlingsår like etter eit svært dårleg, seier Odd Åge Helvik, dagleg leiar i Hardanger Fjordfrukt SA, til Bondevennen.


– 2020 gav negativt resultat for Hardanger Fjordfrukt, for første gong. Det er godt å sjå pilene peike ein annan veg i år, seier han.


Verksemda har 170 produsentar, og forsyner marknaden med Hardangermorell, -eple, -plomme, og –pære.


– No er morellsesongen snart ferdig, og den har vore heilt fantastisk, seier Helvik.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

LES BONDEVENNEN DIGITALT

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Logg inn med brukarnamn og passord.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

Ikkje ennå abonnent? Prøv Bondevennen ei veke gratis her!

Er du abonnent på papir og ønsker digital tilgang?
Send oss en epost på post@bondevennen.no

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: