BN+

Lovande knopp: Blomkåla til Jone Wiig kan sjå ut til å bli klare for hausting mot slutten av mai.


Grønsakene er i rute, og det blir meldt om jamn og god vekst. – Eit godt utgangspunkt for ei bra hausting, seier Kari Aarekol i NLR.


Jane Brit Sande


NLR Rogaland inviterte til si årlege markvandring for tidlege kålvekstar og salat, med grønsaksrådgivar Kari Aarekol i spissen. Kring 35 produsentar og representantar frå næringa møtte opp på Vik i Klepp 9. mai.

God effekt av duken

Første stopp er i eit brokkolifelt hjå Andreas Wiig. Han planta sorten Aquilles 28. mars, og solfangar vart bytta ut med fiberduk 25. april. Han har berre vatna ein gong, i den varme påskeveka.


– Brokkolien står usedvanleg jamt på mange felt, og har eit veldig godt utgangspunkt. Nokon felt er leveringsklare mot slutten av mai, konstaterer Aarekol.


– Det har vore mykje vind i det siste, men heldigvis har det også kome litt regn. Plantane i dei felta som ikkje har vore dekka av duk har fått juling av vind og sandflukt.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

Kjøp abonnement her

Allereie digital abonnent?
Logg inn her

Sjå veiledning for korleis du bytar passord.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.

Stikkord denne saka: ,