BN+

Tett på maten: – Feitare slakt og meir kjøt frå mjølkerasen NRF. Dét er klimavenleg og tidsriktig, meiner kjøthandlar Idar Håland. Foto: Tore Myrstad


Det måtte ein italienar til for at kjøthandlar Idar Håland verkeleg skulle ta inn over seg verdien av det han har rett utanfor dørene – NRF-kua.


Liv Kristin Sola


Idar Håland, kjøthandlar på Klepp på Jæren, var på tur i lag med Dario, ein god ven og slaktarkollega frå Italia.


– På Kvassheim gjekk me ut på ei «kjelva» og dyra kom imot oss, nysgjerrige og tillitsfulle, seier Idar.


Dario prata som ein foss – på italiensk, heile vegen attende til Klepp.


– Eg forstod såpass at han var imponert, seier Idar.


Heilt rett. Den italienske slaktaren var imponert, ikkje berre av kjøtet han fekk smake, men av heile opplevinga av den kua me ser over heile Jæren når sola gir liv og graset blir grønt.

På høgde med det beste

Til liks med andre næringar har også kjøtbransjen sine internasjonale møtepunkt. Ved eit slikt høve freista Idar å ta med seg eit solid stykke NRF-kjøt. I lag med kjøt frå heile verda, vart Idar sitt kjøtstykke grilla og servert til kresne ganar. Blant storfekjøt i verdsklasse fekk Idar skryt for smaken av ei velvaksen NRF-ku frå Jæren.


– Det gjer meg stolt, seier han.


Ikkje berre vart han stolt. Kjøthandlaren fekk stadfesta si tru på at NRF, kombinasjonskua som har vore seld over disk hjå Håland Kjøtt i sytti år, ikkje står tilbake for andre rasar når det gjeld smak og kvalitet.


No vil han tettare på bøndene. I første omgang få kontakt med nokre få bruk i nærleiken som han kan besøke når som helst, gjerne i lag med kundar.

Kva er godt kjøt?

Slakteria lokkar med meirpris for rasar, som Angus og Limousin og somme bønder vert freista av Waguy.


– Ikkje misforstå. Eg har ingenting vondt å seie om kjøtferasane. Men det me har mest av her til lands er NRF. Kombikua som leverer både mjølk og kjøt, men som har blitt litt annanrangs som kjøt. Det stemmer ikkje, seier Idar.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: