Etter at Bondevennen omsette og trykte den danske artikkelen «Pass på kalven i kulda» i BV nr. 40 – 2019, fekk me eit godt tips frå ein av våre faste lesarar.

Har du kalvane ute i kalvehytter, fyll to 25 liters kanner med heilt varmt vatn og sett dei inn i halmen i hytta til den nyfødde kalven. I tillegg kan du nytte ei plate som dekker for opninga, mest heilt opp, slik at varmen held seg inne i hytta.

– Dette har fungert veldig godt, spesielt på appetitten på andre og tredje fôring. Og tiltaket er så godt som gratis, skriv bonden.

Han minner om at kalven sjølvsagt må ha godt med halm og kalvefrakk i tillegg. Sjølv har han sett to av hyttene innomhus som han nyttar fram til kalvane har lært seg å drikke sjølve.

Lesaren fekk tipset for nokre år sidan, og har hatt så god effekt på trivsel og appetitt hjå kalvane, at han gjerne vil dele tipset med andre.

– Det er starten som er så viktig, når kalven skal tørke opp og få opp kroppstemperaturen, skriv innsendaren, og legg til: – Det er så enkelt at det er mest ikkje til å forstå.

Stikkord denne saka: ,