
Landbruk: Oskar Skårland og hans mannskap har levert 35 landbruksbygg årleg dei siste fire åra.
Dei har montert vegger og tak i landbruksbygg i femten år. Nå bur Vigrestad Bygg seg på å stetta behovet for mindre mjølkefjøs i ein marknad med knallhard konkurranse om oppdraga.
Sjur Håland
Dei rykker inn på byggeplassen etter at betongentreprenøren, røyrleggaren og elektrikaren har gjort fjøset klart for vegger og tak. Vigrestad Bygg er eitt av fleire firma med base på Jæren som har spesialisert seg på landbruksbygg i Rogaland, Hordaland og på Agder.
35 bygg årleg
Verksemda Vigrestad Bygg har basen i Stokkelandsmarka i Hå kommune. To ungdommar starta for seg sjølv med bygging innan landbruk og bustad i 2004. Ein av desse var Oskar Skårland. Etter første driftsåret auka mannskapet med to nye medarbeidarar.
– Så har me auka på med meir mannskap jamt og trutt, fortel Skårland, som er dagleg leiar.
Dei siste fire åra har firmaet levert 35 landbruksbygg årleg. I jubileumsåret er talet på tilsette 25 personar, fordelt på ei bustad- og ei landbruksavdeling. Omsetninga i 2018 var kring 80 millionar kroner. 60 prosent kjem frå den landbruksbaserte delen av verksemda.
Allereie digital abonnent?
Logg inn her
Sjå veiledning for korleis du bytar passord.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.






